Festkveld med HILDO og Jonas Fjeld & Kvarts i Gamlekinoen

Location: Voss
Arena/Place:
Category: Events, Concerts
Date: Saturday 14 mar 2020

From 550 NOK

Me gler oss til minifestival med nokre av dei beste musikarane i landet!

HILDO
Hildo hadde premiere på Vossa Jazz i 2018 og har etter det turnert – og ikkje minst spelt inn musikken på plate. Prosjektet er hylla og har motteke ståande ovasjonar frå både publikum og presse. No kjem dei attende til Voss!

«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Desse fantastiske musikarane har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar, og serverer dei i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på desse fantastiske musikarane.

Jonas Fjeld og Kvarts
Etter musikalsk ungdomstid på brune kneiper og støvete danselokale har Fjeld sunge og skrive låtar som sit dønn fast i den norske folkesjela. Men alt før Engler i sneen, Hun kom og andre hits, snusa Fjeld på tradisjonsmusikk av ulike slag. Legendarisk er samarbeidet med Rick Danko og Eric Anderson, og Fjeld er seinast i vinter aktuell både i USA og Noreg saman med stjerneartisten Judy Collins og Chatham County Line.
Kvarts feira 20 år i 2018, mellom anna med to konsertar der dei tok opp att det særdeles trivelege samarbeidet med Jonas Fjeld. Denne musikalske samskapinga starta alt i 2006, og dei let anglo-amerikanske tonegangar blande seg uhemma med musikk dei likar å tru er urnorsk. Så moro er dette at Fjeld og Kvarts berre må treffast å spela nokre konsertar kvart år, og denne gongen vart heldigvis Voss med i turneruta. Karane gler seg til å stå på scena i Gamlekinoen!

Date/Time

Date Time Arena/Place
14 Mar
Saturday 14 mar 2020 7:00 PM - 11:00 PM  

Contact information

Phone number
47 56529911
Contact person name
Kari Trana
Contact person email
[email protected]
Website
http://www.vossajazz.no

Links


Customer Service

Do you need support with your booking, please contact us on 
+47 406 177 00 or send an e-mail to [email protected] 


Book with us

  • Offical booking site for Visit Voss
  • No booking fees
  • Quick and easy
  • Secure online payment
Build: 2/19/2020 12:30:20 PM, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails