Vossa Jazz
Den kjende jazzfestivalen har blitt arrangert kvar vår sidan 1974. Foruten 2020.
Festivalen er kjend for å vera nyskapande, og her kan du høyra både jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Store namn frå inn- og utland kjem til Vossa Jazz kvart einaste år, og mange av konsertane finn stad på Park. Tingingsverket er eit av høgdepunkta, der ein musikar får i oppgåve å komponere eit verk spesielt til festivalen. Festivalen er kjend for å vera nyskapande og har i mange år presentert tingingsverk og andre prosjekt. Den musikalske profilen femner om jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Badnajazz, ungdomssatsinga Jijazz, Eldrejazz og Superjazz for menneske med funksjonshemmingar er alle viktige element i festivalen. Om lag 50 tilskipingar finn stad denne helga, med m.a. parade, kunstutstilling, gratiskonsertar og verkstader i tillegg til alle dei flotte konsertane.
Vossa Jazz skal ha som føremål å stimulera interessa for jazz og nærliggande musikkformer både for tilhøyrarar og aktive musikarar. Vossa Jazz skal i særleg grad stimulera til nyskaping og utvikling på nemnde kunstområde. Hovudverksemda skal vera å skipa til ein årleg jazzfestival på Voss. Vossa Jazz kan også engasjera seg i kunstproduksjon og – formidling elles gjennom året.
Vossa Jazz skal gjennom all sin aktivitet freista å fungera som eit alternativ til den einsidige kommersielle kulturspreiinga.
Vossa Jazz har to tilsette og eit styre på fem faste medlemmer og tre varamedlemmer. Festivalrådet syter saman med over 200 flinke frivillige for at festivalen blir gjennomført på beste måte!
Datoar dei næraste åra:
2021: 24. – 26. september
2022: 8. – 10. april
2023: 31. mars – 2. april
2024: 22. – 24. mars
2025: 11. – 13. april
Dato/Tid
Dato | Tidspunkt | Arrangementsstad | |
---|---|---|---|
24
Sep
|
Fredag 24 sep 2021 | 18:00 - 00:00 | |
25
Sep
|
Laurdag 25 sep 2021 | 18:00 - 00:00 | |
26
Sep
|
Søndag 26 sep 2021 | 18:00 - 00:00 |
Kontaktinformasjon
Nettsted | ||
http://www.vossajazz.no |
Linker
Linker | ||
http://www.vossajazz.no |