Bornas sykkelfestival i Myrkdalen

Område: Myrkdalen
Arrangementsstad:
Kategori: Sport
Dato: Laurdag 7 sep 2019 - søndag 8 sep 2019
festivalpass

From 500 NOK

Velkomen til bornas sykkelfestival i Myrkdalen 7. - 8. september! Arrangementet er for alle born i alderen 6-12 år, med fokus på meistring og leik på to hjul.

Klikk her for å bestilla billetter!

TRE ALDERSGRUPPER
Deltakarane blir delt inn i mindre grupper ut i frå alder, 6-7 år, 8-9 år og 10 - 12 år, med eit variert innhald for alle aldersgruppene. For dei to yngste gruppene blir det leik på sykkelen, diverse øvingar på den nye pumptracken vår og i sykkelløypene utanfor hotellet.

For den eldste gruppa blir det sykkelkurs med Eirik Ulltang, som er Noregs beste innan trialsykling. Trialsykling er å sykla gjennom ei løype med mange ulike hindringar, og på kurset vil ein få gode tips for å bli betre teknisk på sykkelen og koma seg over ulike hinder.

BORNAS SYKKELRITT
Sykkelfestivalen blir avslutta med bornas sykkelritt - eit kjekt arrangement utan tidtaking i ei løype som alle kan gjennomføra. Borna får startnummer på sykkelen og det vert medaljesermoni etter gjennomført ritt.

FELLES MÅLTID & AFTERBIKE
Laurdag 7. september blir det felles lunsj i Restaurant Tunet med pasta og pizzabuffèt på menyen. På ettermiddagen blir det afterbike i Pudder og felles middag med grilltallerken.

SYKKELSHOW MED EIRIK ULLTANG & CO
Laurdag kveld kl 18.00 blir det sykkelshow med Eirik Ulltang, Noregs beste innan sykkelgreina biketrial. Eirik og makkeren hans er tryllekunstnarar på sykkelen og hoppar over det meste. Sjå film her

PRISAR
Festivalpass for dei ulike aldersgruppa kostar kr 500,- per person. Heile programmet laurdag og sundag, lunsj og middag laurdag og sykkelshow med Eirik Ulltang & co er inkludert i passet. NB! Begrensa antal plassar - me har plass til 25 born per aldersgruppe.

SYKKEL OG UTSTYR
All sykling vil i hovudsak vera på ei tilrettelagt terrengsykkeløype og asfaltert pumptrack, og alle typar syklar vil fungere her (unnateke landevegsyklar med svært glatte og smale dekk)

Før de kjem til Myrkdalen er det fint om de sjekkar at bremsene fungerer, kjedet er olja og at det er luft i dekka.

UTLEIGE AV SYKLAR
Myrkdalen Sport har eit lite utval terrengsyklar for born til utleige.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
7 Sep
Laurdag 7 sep 2019 10:00  
8 Sep
Søndag 8 sep 2019 10:00  

Kontaktinformasjon

Linker

Prisinformasjon

Pris fra
500 NOK festivalpass

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Destinasjon Voss
  • Sikker betaling
  • Ingen bookingavgift
  • Raskt og enkelt