Jon Hjørnevik & Dagfinn Iversen

Område: Myrkdalen
Arrangementsstad:
Kategori: Konserter
Dato: Laurdag 28 mar 2020
per person

From 300 NOK

Jon Hjørnevik er ein positivt berykta poet og han kjem til Myrkdalen laurdag 28. mars saman med gitarist Dagfinn Iversen. Duoen byr på musikk og humoristisk poesi som passar for ein kvar smak. Ver klar for gode latterkular denne kvelden!

Klikk her for å bestille billettar

NÅR
Laurdag 28. mars kl 22.00
Dørene opnar kl 21.00

KVAR
Myrkdalen Hotel

PRIS
Kr 300 per person

ALDERSGRENSE
18 år

OM JON HJØRNEVIK
Jon Hjørnevik er dessverre frå Voss. Etter nokre hektiske morgontimar den 14.04.70 kunne jordmor Magnhild Undeland og mor hans ønskje Hjørnevik - heretter kalla forfattaren - velkommen til Voss fylkessjukehus. Far kunne ikkje vere til stades under fødselen. Det var ikkje vanleg den gongen at barnefaren var det. Forfattaren vaks opp under knallharde kår frå første dag. Det vart ein kamp der forfattaren tidleg viste seg å ikkje riktig strekke til. Han var svak i langrenn, svak i fotball og usikker i sitt møte med det motsette kjønn.

Det har likevel ikkje stått på innsatsen til forfattaren gjennom oppvekst, studietid og arbeidsliv. Men han har liksom aldri funne sjelero i noko der ute. Dette toppa seg då forfattaren sommaren 1999 vart tilsett som revisor i Kommunerevisjonen i Oslo. Han gjekk raskt inn i ein lang depresjon, som har sett djupe spor i forfattarskapen.

Forfattaren stakk frå sin revisorpost etter eit lite oppløftande år, og reiste verda rundt for å finne seg sjølv. Det gjorde han ikkje, og jula 2000 vart han tilsett som julenisse på Kløverhuset i Bergen. På same tid spela han kabaret saman med bestemora og ein sveitt kompis. Kabareten bar same namn som den første diktsamlinga hans, I ein sofa frå Korea, som på mange måtar oppsummerer eit turbulent og hardt forfattarliv.

Deretter har det vorte fleire diktsamlingar og halsbrekkande diktsamlingar: I ein sofa frå Koera, Den vanskelege andreboka, Shortsen til far min, Mor mi står i glaset, Flukta frå rekkehuset og Heimekontor i gravferda.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
28 Mar
Laurdag 28 mar 2020 21:00 - 01:00  

Prisinformasjon

Pris fra
300 NOK per person

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Destinasjon Voss
  • Sikker betaling
  • Ingen bookingavgift
  • Raskt og enkelt
Build: 19.02.2020 12:30:20, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails