Vossakveik 18. september i Gamlekinoen

Område: Vossevangen (Voss sentrum)
Arrangementsstad:
Kategori: Arrangement , Andre arrangement
Dato: Fredag 18 sep 2020

Vossakveik 2020 vert skipa til i Gamlekinoen fredag 18.september! Vossakveik er seminaret som skal inspirera og engasjera, og fyre opp til god kveik. Temaet er "Voss - bygd for endring".

Kjøp billettar her!

Eirik Norman Hansen
Eirik Norman Hansen er ein ekte teknologioptimist, er du redd for at robotane skal ta over jobben din er det verdt å lytta til denne mannen. Norman Hansen skal snakka om kva teknologi betyr for oss menneske og samfunnet og korleis dette formar verda no – og i tida som kjem. Litt skremt og spent på alt som skjer på den teknologiske fronten; nytt høve til å høyra Erik Norman Hansen!

Kathrine Aspaas
Kathrine Aspaas er kjent frå sine mange år som kommentator og skribent i Aftenposten, ho har også skrive bestseljaren Raushetens tid der ho hevdar at me går mot ein meir open, raus tidsalder; den emosjonelle revolusjonen. Kva skjer med mennesket i ei digital verd og korleis ser jobbane våre ut framover? Aspaas hevdar sjølvinnsikt og emosjonell intelligens veks fram som dei store suksesskriteria i arbeidslivet. Korleis dette skal gå for seg skal ho formidla med humor og kunnskap!

Vigdis Jordal
Vigdis Jordal er ein engasjert og kraftfull formidlar som med humor og poesi inspirerer til arbeidsglede og endringsvilje. Under Vossakveik skal ho ta oss med på ei undringsreise i den digitale revolusjonen og det menneskelege engasjementet. Teknologien i rakettfart og evolusjonen i skjelpaddefart.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
18 Sep
Fredag 18 sep 2020 16:30 - 19:30  

Linker


Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Destinasjon Voss
  • Sikker betaling
  • Ingen bookingavgift
  • Raskt og enkelt
Build: 26.05.2020 16:55:36, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails