Fjellturhelg

Område: Myrkdalen
Arrangementsstad:
Kategori: Arrangement , Andre arrangement
Dato: Laurdag 25 sep 2021

From 1350 NOK

Hausten er ei magisk tid for fjellturar. Eit fargerikt teppe legg seg over naturen, fjorden blenkjer i den klåre lufta og fjellet byr opp til leik. 25. og 26. september inviterer me til fjellturhelg med spektakulære turar til Breiskrednosi og Rambertinden.

LAURDAG 25. SEPTEMBER
Breiskrednosi - 1189 meter over Nærøyfjorden!

Nærøyfjorden er ein av dei mest spektakulære fjordane i Noreg. Snøkvite fjell ruvar høgt over denne smale fjorden, og sender fossar av smeltevatn utfor dei bratte, høge stupa. Nede ved fjorden ligg vakre gardar og små grender med fast busetting. Denne unike kombinasjonen av natur og kultur har gitt Nærøyfjorden ein velfortent plass på UNESCO si verdsarvliste.

Frå Breiskrednosi får du verdsarven frå orkesterplass, 1189 meter over fjorden.

Etter ein liten times køyretur frå Voss kjem me til Bakka ved Nærøyfjorden. Vegen endar her, og me finn parkering nær starten av Rimstigen. Me følgjer Rimstigen i bratte slyng opp mot den vakre fossen i Tufteelvi. Etter kvart som me vinn høgde, blir utsikta meir og meir storslagen. Ved 700 meters høgde flatar stien ut, da me går inn i hengedalen mot Rimstigbotnen og Skarsbakkane. Her passar det med ein pust i bakken. Stien går vidare forbi Skarsvotni og over Rimstigfjellet før me nærmar oss den ville toppen av Breiskrednosi. Heldigvis er den siste oppstiginga snillare enn ved fyrste augekast.

På toppen av Breiskrednosi unnar me oss ein god kvil og god mat medan me beundrar den ugløymelege utsikta. Returen går nordover i lett terreng som gradvis blir brattare ned mot stølane ved Vassete. Vidare mot det vakre stølstunet ved Hjølmo. Dei siste kilometrane går på grusveg ned til den idylliske grenda Dyrdal, der båtskyss fraktar oss tilbake til Bakka.

Praktiske detaljar:
• Oppmøte: Utanfor Myrkdalen Hotel kl 08.00
• Transport: Privatbilar. Båtskyss frå Dyrdal til Bakka.
• Samla distanse: Om lag 18 km.
• Samla stigning: Om lag 1300 meter.
• Gradering: Svart rute - krevjande. Bratte stigningar, høgfjellsterreng, stadvis dårleg sti.
• Tidsbruk: 8-9 timar.
• Tilbake i Myrkdalen: Om lag kl 20.00

SUNDAG 26. SEPTEMBER
Rambertinden - panoramatur over Vik i Sogn

Topptur mot Rambertinden med start og slutt frå Grønsberg. Ruta opp går langs den bratte stien mot Flatengstølen. Derifrå langs bekkane inn i Stuasetbotnen, før me går bratt og ulendt opp mot topplatået. Her oppe finn me kanskje vinterens fyrste snø. Etter eit besøk på toppen vandrar me mot nordvest og legg returen ned via Hjorthaugrana. Vidare ned mot Numedalsstølen, der stølsvegen byr på ein grei avslutning ned til bilane.

Praktiske detaljar:
• Oppmøte: Utanfor Myrkdalen Hotel kl 08.00
• Transport: Privatbilar
• Samla distanse: 14-18 km, avhengig av ruteval undervegs.
• Samla stigning: 1200 - 1400 meter, avhengig av ruteval.
• Gradering: Svart rute - krevjande. Bratte stigningar, ur, høgfjellsterreng, dårleg sti.
• Tidsbruk: 7-9 timar
• Tilbake i Myrkdalen: kl 17

GUIDAR
Wild Voss stiller med guide på turen. Guide har med seg naudsynt tryggleiksutstyr, og sørgjer for å leggja ein god plan før turen. Alle får tilsendt praktisk informasjon før turhelga.

PRIS
Kr 1350,-
Dette inkluderer guida fjelltur laurdag og sundag, samt båttransport frå Dyrdal til Bakka

UTSTYR
På desse turane treng du:
• Gode støvlar til vandring i fjellet.
• Vind- og vasstette klede (skalklede).
• Liten ryggsekk (20-30 liter).
• Ei ekstra ulltrøye.
• Tjukk ullgenser og/eller varmejakke (dun eller syntetfiber).
• Vandrestavar er ein god idé.
• Lue, vottar/hanskar, buff/ullhals.
• Drikkeflaske, niste og litt tursnacks.
• Lurt med termos med varm drikke.

Ver merksam på at det kan bli endringar i programmet grunna vèr og andre uforutsette faktorar.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
25 Sep
Laurdag 25 sep 2021 08:00 - 08:00  

Kontaktinformasjon

Linker


Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

Offisiell bookingside for Destinasjon Voss

Sikker betaling

Ingen bookingavgift

Raskt og enkelt

Build: 20.09.2021 14:56:15, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails