Yogahelg på Myrkdalen Hotel

Område: Myrkdalen
Arrangementsstad:
Kategori: Arrangement , Andre arrangement
Dato: Fredag 1 okt 2021

From 2350 NOK

1.-3. oktober har me gleda av å invitera til yogahelg på Myrkdalen Hotel med den dyktige instruktøren Karina Eline Kibsgård, som er ei av dei mest erfarne yogainstruktørane i Skandinavia innan Jivamukti Yoga.

FREDAG
Kl 18 - 20: Jivamukti Open Class x Gong bad
Full pakke; chanting, filosofi, fysisk vinyasa praksis og avspenning i lydbad.

Kl 20.30: Middag

LAURDAG
Kl 09 - 11.30: Jivamukti Workshop
«Unlocking Wisdom Within» Ein workshop der me utforskar dybda i ei yogapraksis, kva den kan læra oss om mysteria i livet og balanse mellom ‘effort and grace’.

Kl 12: Lunsj

Kl 14 - 16.30: Jivamukti Workshop
«Joy of Movement» Ein workshop der me jobbar med å finna fridom i kropp og røyrsle til å utforska utfordrande øvingar som balanserer, samt opp-ned stillingar.

Kl 18: Middag

Kl 20 - 21: Nada Yoga; deep listening x Gong bad
Ein praksis i å lytta innover, frå ein ytre støyande verd til ei indre oppleving av harmoni og balanse.

SUNDAG
KL 09 - 11: Jivamukti Open Class
Full pakke; chanting, filosofi, fysisk vinyasa praksis og meditasjon i ei og samme økt.

Kl 11.30: Lunsj

Kl 13 - 15: Rest & Restore x Gong bad
Ei roleg Yin/Restorative-klasse med fokus på pust og avspenning i lydbad.

PRIS
1. Kr. 2950,- per person
Trerettars vegetarmiddag fredag og laurdag, vegetarlunsj laurdag og sundag, og yogatimar alle dagar er inkludert.

2. Kr. 2350,- per person
Vegetarlunsj laurdag og sundag, og yogatimar alle dagar er inkludert.

Alle nivå er velkomne! Avgrensa plassar - bestill tidleg for å sikra deg denne helga.

NB! Overnattting på Myrkdalen Hotel er ikkje inkludert i desse pakkene.

OM JIVAMUKTI YOGA
Jivamukti Yoga er ein vinyasa yogametode som blir praktisert til energigivande musikk. Klassane er spirituelle, oppløftande og fysisk utfordrande. Det blir lagt vekt på fysiske yogastillingar/asana praktisert i samanhengande flyt med ei leiken tilnærming. Samstundes er chanting og yoga-filosofi viktige element for å koma inn i kjernen av yogapraksisen.

OM KARINA ELINE KIBSGÅRD
Karina Eline Kibsgård har undervist yoga sidan 2008 og undervisar i dag ved ulike yogastudio i Oslo. Bakgrunnen hennar er hovudsakleg frå dans, Ashtanga Yoga og Jivamukti Yoga. Ho vart introdusert for yoga gjennom studiar ved Den Norske Balletthøyskole. I dag er Kibsgård ein av få "800h Advanced Certified" Jivamukti Yogalærarar i Skandinavia.

Foto er illustrasjonsfoto

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
1 Okt
Fredag 1 okt 2021 09:00 - 09:00  

Kontaktinformasjon

Linker


Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

Offisiell bookingside for Destinasjon Voss

Sikker betaling

Ingen bookingavgift

Raskt og enkelt

Build: 20.09.2021 14:56:15, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails