Skiferie i Myrkdalen
Skiferie i Myrkdalen betyr avkobling, herlege dagar i skibakken og eit mangfald av aktiviteter og arrangement for alle aldrar. Denne pakka inkluderer overnatting på Myrkdalen Hotel, frukost, middag og heiskort
I Myrkdalen er alt samla på ein stad - køyr til døra og la bilen stå parkert under heile opphaldet. Ski inn - ski ut frå Myrkdalen Hotel, senk skuldrene og bruk tida til gode opplevingar med vener og familie.
Pakka inkluderer
- Overnatting på Myrkdalen Hotel
- Frukost
- Middag
- Heiskort
Pakka er tilgjengeleg
- 24. desember - 3.januar 2021
- 12. - 20. februar 2021
- 26. februar - 6. mars 2021
- 31. mars - 3. april 2021
Heiskort
Ein får like mange dagar heiskort som antal netter ein overnattar. 1 natt = 1 dagskort.
Heiskortet får du ved innsjekk
Vinterferie i veke 8?
Då anbefalar me pakketilbodet vårt "Knalltilbod Midtveke"
Når du bestiller dette tilbodet bur du på “Myrkdalen Hotel”.