Flatlandsmo Camping

Address: Flatlandsmoen 6, 5709 Voss  vis kart
Beliggenhet: Voss (Ved innsjø)

Campingplassar | Campingplassen ligg idyllisk til ved Moensvatnet/Demmo, kring 12 km frå Voss sentrum.

Flatlandsmo Camping ligg 12 km frå Voss sentrum ved riksveg 13 mot Hardanger. Kring 1,5 time å køyra frå Bergen, og 25 minutt frå ferjekaia i Kvanndal.

Campingplassen er open heile året og har betjent resepsjon/kiosk i sommarsesongen. Av fellesfasiliteter har me nyoppussa sanitæranlegg, sanitærom tilrettelagt for funksjonshemma og stell av born. Ein finn også stort kjøkken m/sitjeplassar. I tillegg fins det tømmestasjon for campingvogn/bubil og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel.

Campingplassen ligg idyllisk til ved Moensvatnet/Demmo. Me har utlån av robåter, og det er fint moglegheiter for å bada og fiska her.

Hytter og rom:
Flatlamdsmo Camping har 12 campinghytter med sengeplass til 4 personar. Hyttene er utstyrt med kjøleskap, minikomfyr, el. ovn, kaffetrakter, kokeutstyr, bord og stoler. 8 av hyttene har i tillegg dobbel sovesofa.

Videre kan me tilby storhytte med 22 sengeplasser fordelt på rom med 2 og 4 senger. Huset har stort kjøkken med nødvendig utstyr til dekketøy, kokeutstyr og oppvask. Huset har spisesal, peisestue m/TV og felles dusjer og toaletter. Huset er og velegna for klubber og venelag som til dømes ynskjer ei helgesamling i rolige omgivelser.

I tillegg kan vi tilby ein leilighet med høg standard. Her er det 2 soverom, kjøkken, stove m/TV, dusj og toalett. Eigen vaskemaskin.

Camping:
Campingplassen har tilrettelagt for omlag 70 faste heilårsplassar med høve til vinterisolert fortelt. Her er teltplassar og oppstillingsplassar m/straumuttak for campingvognar og bubilar sommarstid.

Ta kontakt med Flatlandsmo Camping for å bestilla:
Tlf: +47 56 51 78 08
E-post: [email protected]

Fasilitetar og tenester

  • Beliggenhet
    Nært naturen Ved innsjø Fjellutsikt
  • Parkering
    Utandørs parkering (gratis)

Kontaktinformasjon


Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Destinasjon Voss
  • Sikker betaling
  • Ingen bookingavgift
  • Raskt og enkelt

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 



Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Destinasjon Voss
  • Sikker betaling
  • Ingen bookingavgift
  • Raskt og enkelt