Rafting - Voss Active
Address: Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo Dato: Torsdag 31 okt 2019 - torsdag 31 okt 2019 Vis kart
Address: Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo
Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spanande, morosamt og passar for nybyrjarar så vel som erfarne.
Bli med Voss Active på rafting! Rafteturen går anten i Strandaelva eller Raundalselva, ut frå vasstanden. Begge elvane held topp internasjonal klasse, og me garanterer ei fantastisk oppleving!
Vasstanden avgjer om rafteturen me raftar i Strandaelva eller Raundalselva, begge held topp internasjonal klasse og vi garanterar ei fantastisk oppleving!
ELVANE
Strandaelva:
Grad 3-4+, ca 8 km. Ein klassikar! Dette er den mest vanlege turen, med 9 spektakulære stryk og mange vakre seksjonar. Sidan elva har rolegare parti mellom dei store stryka, er graderinga relativt låg samanlikna med størrelsen på stryka, og du får verkeleg valuta for pengane!
Raundalselva:
Grad 3-4+, ca 7 km. Me raftar i denne elva når Strandaelva er for låg, vanlegvis i august – september. Denne elva går gjennom eit vakkert og isolert juv, langt vekk frå biltrafikk og anna sivilisasjon. Denne elva er krevjande og vert rekna for å vere ei av dei mest tekniske i Norge.
VARMT MÅLTID
Prisen inkluderar dagens heimalaga varme måltid etter turen. Kontakt oss dersom de vil ha vegetarmat!
Om denne aktiviteten
-
Telefon+47 56510525
-
Kontakt på e-post
-
Nettsted
-
Opening hoursTilgjengeleg mellom mai og oktober (avhengig av vasstand). Turar kvar dag klokka 10:00 og klokka 15.00.
-
Aldersgrense (år)15
-
PrisinformasjonHeile sesongen: Rafting med måltid kr 1330,- Juli og august: Rafting utan måltid kr 1160,-