Klatre- og ziplinepark - Voss Active

Address: Vossestrandvegen, 5713 Vossestrand Vis kart

Address: Vossestrandvegen, 5713 Vossestrand

Klatre- og ziplineparken ligg plassert i naturskjønne omgjevnadar ved Strandaelva.

Klatreparken inneheld totalt 6 løyper: 2 store og 4 små. Løypene har totalt 55 ulike klatre- og balansehinder der den høgste aktiviteten befinn seg meir enn 12 meter over bakkenivå!

Dei store løypene er for dei frå 10 år og 140 cm. For dei små løypene er det inga aldersgrense, men ein må vera min. 100 cm. Høgdeaktivitetane er varierte, morosame og utfordrande for barn så vel som vaksne. Aktivitetane er fordelt på to løyper, slik at fleire grupper kan aktiviserast samstundes i parken.

Nytt i klatreparken er ein zipline-park med fem zipliner, den lengste på 150 meter. Ziplinene går frå tre til tre gjennom skogen og over Strandaelva.

I dei små løypene er ein heile tida kobla til ei sikkerheitsline, så ein treng ikkje å koble seg av og på for å prøve dei ulike elementa, slik som i den store løypa.

Opningstider sommar:
24. juni - 1. sept: ope kvar dag frå klokka 11:00 til klokka 18:00 (siste innsjekk klokka 16:00)

Obs - redusert opningstid mellom 19. - 23. august og 26. - 30. august:
Ope frå klokka 11:00 - 16:00 (siste innsjekk klokka 13:00)

Opningstidar haust:

1. sept - 27. okt: ope kvar helg mellom klokka 11:00 -18:00 (siste innsjekk klokka 16:00)
7. okt - 11. okt (haustferien): ope kvar dag mellom klokka 11:00 - 18:00 (siste innsjekk klokka 16:00).

Krav til deltakarar:

Stor løype:
Minimum høyde: 140 cm
Aldersgrense: 10 år

Lita løype:
Minimum høyde: 100 cm
Aldersgrense: Ingen

Zipline-park:
Minimum høgde: 140 cm
Aldersgrense: 10 år
Maksimum vekt: 130 kg


* Deltakarar må ta med; Kle etter vêrtilhøve, solide sko.
* Du får låne av Voss Active; Klatresele, hjelm og anna sikringsutstyr.

Booking for grupper (utanfor faste opne dager): April - nov: Ved førehandstinging. (min 10 personar)

Vis meir

Om denne aktiviteten

  • Telefon
    +47 56510525
  • Kontakt på e-post
  • Nettsted
  • Opening hours
    Helgeope mellom 4. mai og 27. oktober Ope kvar dag mellom 24. juni og 16. august Ekstra opningsdagar: 30. mai, 31. mai, 10. juni og haustferien (7. oktober - 11. oktober).
  • Prisinformasjon
    Stor løype: 370,- Stor løype + zipline: 455,- Lita løype: 200,- Lita løype + zipline: 285,- Kun zipline: 285,-
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 12,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hotell

Myrkdalen Hotel

Avstand: 10,5 km
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på fjellturar i alle utgåver, sykkelstiar, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 12,8 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails