Stalheimskleiva
Vis kart
...attraksjonen mellom fossane!
Stalheimskleiva er ein av dei brattaste vegane i Nord-Europa, bygd i perioden 1842-1846. Den 1,5 km lange vegen slungjer seg i 13 bratte hårnålssvinger mot toppen, der du finn Stalheim Hotel. Her er det ein fantastisk utsikt mot Nærøydalen - eit område på UNESCO si Verdsarvliste. Du får også utsikt mot Stalheimsfossen og Sivlefossen, som ligg på kvar si side av kleiva. Vegen er stengd i vintersesongen, og er einvegskøyrd nedover.
Vis meir
Overnatting
Hotell
Myrkdalen Hotel
Avstand: 10,6 km
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på fjellturar i alle utgåver, sykkelstiar, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.