FLOR'N Restaurant på Store Ringheim

Address: Mølstervegen 44, 5710 Skulestadmo Dato: Torsdag 31 okt 2019 - torsdag 31 des 2020 Vis kart

Address: Mølstervegen 44, 5710 Skulestadmo

Ei restaurert løe som er omgjort til restaurant, pub og selskapslokale.

Restaurant:

Løa inneheld ein a la carte restaurant det der det vert servert mat av høg kvalitet basert på lokale råvarer. Menyane varier gjennom året og speiglar sesong/råvaretilgang.

Restauranten er ope torsdag til søndag frå kl. 16:00 til 21:00 (bar/lounge til 23:00) året rundt og kvar dag i sommarsesongen.

Ved førehandstinging på ei gruppe på 6 personar eller fleire, så opnar me restauranten og andre dagar.

Arrangement, selskap, kurs og konferanse:

Store Ringheim hotell & restaurant har 3 salar i ulik storleikar der me held åremålsdagar, dåp, konfirmasjon, brudlaup, bedriftssamlingar, møte, kurs, konferansar, konsert, kulturarrangement osv. Me har eigne selskapsmenyar eller du kan setja saman din eigen festmeny saman med oss. Me held og smalahovelag og jolabord.

Pub:

Puben har eit godt utval mikrobryggja øl frå fleire mikrobryggeri, sider og brennevin frå nabokommunane - og alt det andre ein ventar å finna i ein pub. Den er ope same dagane som restauranten og fram til 23:00 - og lenger om det er mykje folk.

Vis meir

Anledning

Dato    
14 Nov
Torsdag 14 nov 2019
15 Nov
Fredag 15 nov 2019
16 Nov
Laurdag 16 nov 2019
17 Nov
Søndag 17 nov 2019

Om denne aktiviteten

Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 1,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 0 meter
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 1,8 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails