Voss folkemuseum

Address: Mølstervegen 143, 5700 Voss Dato: Onsdag 20 nov 2019 - torsdag 31 des 2020 Vis kart

Address: Mølstervegen 143, 5700 Voss

Voss folkemuseum er eit friluftsmuseum, og eit regionmuseum for Voss og nabobygdene.

Museet har tre gardstun, som alle står på sine opphavlege plassar – Mølstertunet, Nesheimstunet og Oppheim gamle prestegard. I alt eig museet om lag 40 antikvariske bygningar. På Mølster ligg òg samlingsbygget, med faste og skiftande utstillingar. Dagestadmuseet, som ligg på andre sida av Vossevangen, viser arbeid av treskjeraren Magnus Dagestad.

Voss folkemuseum vart skipa i 1917, og har sidan 2008 vore ein del av Hardanger og Voss museum.

Mølstertunet

Mølstertunet vart freda i 1923, og vart offisielt opna som museum i 1928. Tunet gjev oss eit godt innblikk i den lokale byggeskikken, og fortel mykje om korleis folk levde i eldre tider. Garden har i fleire hundre år vore delt mellom to brukarar. To familiar dreiv gard i det same tunet, og her er i alt 18 hus. Det eldste huset på tunet er truleg frå tidleg 1500-tal, dei yngste frå 1870-åra.

Opningstider:

2. september 2019 –18. mai 2020: Måndag–fredag: kl 10–15, sundag kl 12–15.

For grupper: Ta kontakt for omvisingar og besøk utanom opningstid. 18.mai -1. september 2020: Alle dagar 10 – 17

Omvising

I sommarsesongen er det omvising på tunet kvar heile time. Tre dagar i veka kan du få omvisningar om særskilte tema som baking, ølbrygging eller byggjemåter. Borna kan byggja modellhus, kle seg ut i gamle klede og leike gamaldagse leikar.

Konsertar er kvar tysdag i heile juli.

For grupper kan omvising avtalast på telefon 474 79 794 eller epost [email protected]

Samlingsbygget

I samlingsbygget på Mølster er der ei omfattande basisutstilling, og kvart år vert det òg vist mindre temautstillingar. Her er i tillegg kontor, bibliotek, verkstad og magasin for foto og gjenstandar. Bygget er teikna av arkitekt Dag Mossige, og opna for publikum i 1985.

Samlingar

Voss folkemuseum har i overkant av 20 000 gjenstandar. Det aller meste av dette er gjenstandar knytt til den lokale bondekulturen, slik han var fram til rundt 1900. Til samlingane høyrer òg eit innhaldsrikt bibliotek, fleire lokale arkiv, og rundt 70 000 fotografi.

Omvising

I sommarsesongen er det omvising på tunet kvar heile time. For grupper kan omvising avtalast på telefon 474 79 794 eller epost [email protected]

Vis meir

Anledning

Dato    
21 Nov
Torsdag 21 nov 2019
22 Nov
Fredag 22 nov 2019
23 Nov
Laurdag 23 nov 2019
24 Nov
Søndag 24 nov 2019

Om denne aktiviteten

  • Telefon
    +47 474 79 794
  • Kontakt på e-post
  • Opening hours
    2. januar - 16. mai 2019: Måndag - fredag: 10:00 - 15:00 Laurdag: Stengd Sundag: 12:00 - 15:00 18. mai - 31. august 2019: Måndag - sundag: 10:00 - 17:00 1. september - 31. desember 2019: Måndag - fredag: 10:00 - 15:00 Laurdag: Stengd Sundag: 12:00 - 15:00
  • Prisinformasjon
    Inngang vaksen: 90,- Inngang born: Gratis
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,3 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 2,3 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails