Voss folkemuseum

Address: Mølstervegen 143, 5700 Voss Dato: Tysdag 21 jul 2020 - søndag 16 aug 2020 Vis kart

Address: Mølstervegen 143, 5700 Voss

Voss folkemuseum er eit friluftsmuseum, og eit regionmuseum for Voss og nabobygdene.

Museet har tre gardstun, som alle står på sine opphavlege plassar – Mølstertunet, Nesheimstunet og Oppheim gamle prestegard. I alt eig museet om lag 40 antikvariske bygningar. På Mølster ligg òg samlingsbygget, med faste og skiftande utstillingar. Dagestadmuseet, som ligg på andre sida av Vossevangen, viser arbeid av treskjeraren Magnus Dagestad.

Voss folkemuseum har i overkant av 20 000 gjenstandar. Det aller meste av dette er gjenstandar knytt til den lokale bondekulturen, slik han var fram til rundt 1900. Til samlingane høyrer òg eit innhaldsrikt bibliotek, fleire lokale arkiv, og rundt 70 000 fotografi.

Voss folkemuseum vart skipa i 1917, og har sidan 2008 vore ein del av Hardanger og Voss museum.

Mølstertunet

Mølstertunet vart freda i 1923, og vart offisielt opna som museum i 1928. Tunet gjev oss eit godt innblikk i den lokale byggeskikken, og fortel mykje om korleis folk levde i eldre tider. Garden har i fleire hundre år vore delt mellom to brukarar. To familiar dreiv gard i det same tunet, og her er i alt 18 hus. Det eldste huset på tunet er truleg frå tidleg 1500-tal, dei yngste frå 1870-åra.

Opningstider:

21.06. -16.08.

Kvar dag 11-16.
For grupper, ta kontakt på tlf. 474 79 794 eller på e-post til [email protected]

Grunna smittevern har me ikkje ordinære omvisningar inne i husa denne sommaren. Me fortel gjerne om tunet, og livet der, til alle besøkande som ynskjer det.

I løpet av 2021 skal det stå ferdig ei ny basisutstilling, slik at delar av utstillingsbygget er stengt for gjester.

Voss Bygdekvinnelag har bakstedagar fredager i juli (3., 10., 17., 24.). Desse dagane sit òg Voss Husflidslag med tradisjonelle handverksarbeid, som t.d. kolrosing, perling, strikking med meir.

Ulike aktivitetar for born.

Kafè med gulrotkake og nysteikte lappar. Museumsbutikk

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
15 Aug
Laurdag 15 aug 2020 11:00 - 16:00
16 Aug
Søndag 16 aug 2020 11:00 - 16:00

Om denne aktiviteten

  • Telefon
    +47 474 79 794
  • Kontakt på e-post
  • Opening hours
    21.juni - 16.august: 11.00 -16.00
  • Prisinformasjon
    Inngang vaksen: 55,- Inngang born (under 15 år) Gratis
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,3 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg over resepsjonen, 100-500m frå skiheisen.
Vandrarheim og pensjonat

Voss Vandrarheim - 4-sengsrom med dusj og toalett inkl. frukost

Avstand: 1,2 km
Ligg vakkert med eige strand 800 m frå Voss stasjon. Standardrom med 4 senger, kan bookes til 1-4 personer. Prisen inkluderer sengetøy og frukostservering. Alle rom har dusj og toalett. Barn frå 0-3 år går gratis. For andre typer rom, ta kontakt direkte.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Build: 14.08.2020 11:08:44, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails