Myrkdalen Sport & Skiutleige

Address: Klypeteigane, 5260 Vossestrand Vis kart

Address: Klypeteigane, 5260 Vossestrand

I Myrkdalen finn du sportsbutikk, skiutleige og skiskule under eit og same tak i Torggarden. Dei tilsette gjev gode råd og finn utstyret som passar akkurat deg.

 

Butikken fører kjende varemerke som Åsnes, Bjørn Dæhlie, Sweet, Kari Traa, Bula, Ortovox, Helly Hansen, We Norwegians og mange fleire.

Leig utstyr
Treng du å leiga skiutstyr eller vil du prøva noko nytt kan du hjå Myrkdalen Skiutleige leige utstyr for alle aldrar og nivå. Skiutleiga har eit breitt utval av alpintutstyr for nybyrjarar til ekspert, for born og for vaksne. Du kan også leiga snowboard, langrennski og barnepulkar. Hjelm får du låna gratis så langt lageret rekk.

Har du eige utstyr som treng oppfrisking, kan skiutleiga slipe utstyret ditt med den nye slipeautomaten frå Wintersteiger som garanterer perfekt såle og knallgode kantar.

Myrkdalen Sport & Skiutleige har ope kvar dag gjennom vinteren.

Utleige av syklar: I sommarsesongen har Myrkdalen Sport& Sykkelutleige eit godt utval av terrengsyklar til utleige. Fulldempa, hardtail og elsyklar. Butikken har også sykkelbekledning til sals.

Vis meir

Om denne aktiviteten

Telefon
+47 474 71 600
Opening hours
Sundag - torsdag: 09:00 - 16:00 Fredag - laurdag: 09:00 - 18:00
Hotell

Myrkdalen Hotel

Avstand: 76 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på fjellturar i alle utgåver, sykkelstiar, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Overnatting

Vårstølen

Avstand: 209 meter
Desse leilegheitene ligg kun 90 - 270 meter vest for Myrkdalen Hotel. Fine leilegheiter i medium prisklasse og svært god plassering til skianlegget på vinterstid.
Overnatting

Helgatun

Avstand: 318 meter
Moderne og fine leilegheiter med god storleik som ligg 300 - 500 meter nordaust for Myrkdalen Hotel. Veldig fin plassering til skitrekka i barneområdet på vinterstid. Området ligger aust for Myrkdalen Hotel.
Build: 14.04.2021 11:03:12, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails