Tur med havkajakk til Sognefjorden - Outdoor Norway

Address: Evangervegen 16, 5700 Voss Dato: Fredag 19 jul 2019 - fredag 11 okt 2019 Vis kart

Address: Evangervegen 16, 5700 Voss

Bli med oss på ein kulturell og historisk havkajakktur til idylliske Sognefjorden!

Fjorden er den største og mest kjende i Noreg, og den nest lengste i verda.

Kajakkturen startar i Limmesand, før me padlar gjennom mektig landskap i Arnafjorden. Me besøkjer sjarmerande bygder langs vegen og padlar forbi fossen Bredfoss før me avsluttar turen ved Framfjord.

Varigheit:
7 timar totalt, inkludert transport og tid til å skifta
Tid i kajakken: ca 3 timar.

Sesong:
Frå 9. mai til 12. oktober 2019
Avgangar: Tysdagar, fredagar og sundagar kvar veke
Henting ved teltet vårt ved Vangsvatnet: klokka 9:15
Henting på Myrkdalen Hotel: klokka 10

Pris:
Vaksne: 1250 kroner
Born: 680 kroner (fødd etter 2001)

Krav til deltakarar:
Må vera minst fem år (ein padlar då med foreldre i tandemkajakk)
Må vera i normal fysisk form
Må kunna symja
Må vega under 120 kilo (kontakt oss om du veg meir)
Må vera under 210 cm høg

Dette er inkludert:
– Utstyr av topp kvalitet
– Profesjonell havakajakk-guide
– Kajakk
– Padleåre
– Livvest
– Vasstett padlejakke
– Transport til og frå fjorden

Dette må du ta med deg:
– Badetøy
– Ullundertøy om det er kaldt
– Fottøy som kan verta vått
– Kleskift
– Solkrem
– Hatt eller caps
– Eventyrlyst!

Møtestad:
Ved teltet vårt ved Vangsvatnet klokka 9:15 (attmed kulturhuset og rett framføre Fleischer's Hotel) eller på Myrkdalen Hotel klokka 10:00.

Program:
1. Check-in ved teltet vårt eller på Myrkdalen Hotel
2. Få utstyr
3. Køyra til fjorden over Vikafjellet
4. Sikkerheitsinstruksjoner
5. Oppvarming
6. Tur på fjorden
7. Laste attende i bilen
8. Køyring til Myrkdalen/Voss

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1250 NOK vaksen
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 3 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 3 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 3 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.