Halvdags vandretur med guide - Outdoor Norway

Address: Evangervegen 16, 5700 Voss Dato: Onsdag 7 aug 2019 - søndag 20 okt 2019 Vis kart

Address: Evangervegen 16, 5700 Voss

Vår 4-timarstur er ein enkel vandretur i Vossafjella. Bli med og utforsk naturen i lag med oss!

Varigheit:
4 timar totalt (inkludert transport)
Kring 2-3 timar vandring

Sesong:
Juni til oktober
Turane går klokka 10 kvar dag

Pris:
4-timarstur: 550,- per person. Det må vera minst 3 påmelde for at turen skal gå.

Krav til deltakarar:
Må vera minst 7 år
Må vera i normal fysisk form
Ver venleg å informera oss om medisinske tilstandar som astma, epilepsi, osv.

Dette er inkludert:
- Guide
- Transport til startpunktet for turen og attende
- Kaffe/te og kjeks
- Ein skikkeleg fjelltur i Vossafjella

Dette må du ta med deg:
- Behageleg fottøy som passar til å vera ute
- Ullundertøy om det er kaldt
- Vasstett bukse og jakke
- Mat og snacks
- Drikke
- Solkrem om det er sol
- Eventyrlyst

Program:
Basen vår er eit telt like ved ved Vangsvatnet - rett attmed kulturhuset og berre 100 meter frå Voss Gondol og buss- og togstasjonen. Møt opp 10 minutt før turen har avgang.

1 - Check-in på basen vår
2 - Informasjon
3 - Me køyrer til startpunktet
4 - Me går tur
5 - Tilbake til basen

OBS! Om det er mindre enn tre påmelde, vil turen verta avlyst. Me vil kontakta deg, og du får pengane dine attende.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    550 NOK per person
  • Prisinformasjon
    Vaksen: 550 kr
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 3 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 3 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,6 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.