Rafting med kano i Raundalselva - Outdoor Norway

Address: Evangervegen 16, 5700 Voss Dato: Onsdag 7 aug 2019 - torsdag 31 okt 2019 Vis kart

Address: Evangervegen 16, 5700 Voss

Padle nedover nydelege Raundalselva i ein oppblåsbar kano eller raftingbåt!

Eit eventyr for heile familien eller venegjengen! Outdoor Norway tek deg med på ein spektakulær tur nedover Raundalselva, enten i ein liten raftingbåt eller ein oppblåsbar kano.

Den 5 kilometer lange padleturen startar ved Bjørke, og endar ved Palmafossen. Du styrer raftingbåten eller kanoen sjølv, og guiden padlar ved sidan av i ein kajakk.

Dette er ein perfekt måte å oppleva det vakre landskapet kring Raundalselva på, samstundes som du får ei utfordring. I løpet av turen vil du padla ned fleire små fossar, men også i roleg vatn der ein kan ta seg ein pause.

Guiden vil gje deg instruksjonar både på land i vatn, slik at du får med deg tips til ditt neste padleeventyr.

Detaljar:
Frå juni til september
Avgangar klokka 10:15 og 14.00 kvar dag
Minimum tre personar på ein tur
Maksimum 16 personar på ein tur

Varigheit:
3 timar totalt. 20 minutt transport til start, og 10 minutt transport attende. 30 minutt til å skifta klede og gjera klart utstyr. 1,5 - 2 timar på elva totalt.

Pris:
Vaksen: 850 kr
Ungdom: 650 kr (for dei fødd mellom 1999 og 2005)
Born: 550 kr (for dei fødd etter 2006)

Krav til gjester:
Du må vera minimum 4 år for å vera med. Born mellom 4 og 7 år må padla elva i ein større raftingbåt, og ein må vera 8 år for å padla i den oppblåsbare kanoen. Born under 12 år må vera i fylgje med ein vaksen i kanoen.

Er du under 18 år, må foreldre eller føresette signera for deg.

Du må kunna symja, vera under 120 kilo og ha normal fysisk helse.

Ver venleg å informera oss om eventuelle medisinske tilstandar som astma, epilepsi, etc.

Dette er inkludert:
- Profesjonell elve-guiding
- Utstyr i topp kvalitet
- Oppblåsbare kanoar og raftingbåtar
- Årer
- Redningsvest
- Vasstett jakke
- Våtdrakt om det er behov for det
- Sko
- Transport inn til og ut frå elva
​​​​
Dette må du ta med deg:
- Badetøy
- Ullundertøy om det er kaldt
- Kleskift
- Solkrem

Ekstra informasjon:
Ingen førekunnskaper trengst for å vera med på dette.
Dei oppblåsbare kanoane har plass til 3 vaksne eller 2 vaksne og 2 born i kvar. Maks 280 kilo.
Dei oppblåsbare raftingbåtene har plass til 6 personar i kvar.

Program:

Basen vår er eit telt på graset ved siden av Voss kulturhus og nedanfor Voss Gondol og togstasjonen. Møt opp 10 minutt før turen skal starta.

1. Sjekke inn på basen vår ved Vangsvatnet
2. Få utstyr
3. Shuttlebuss til elva
4. Sikkerheitsinstruksjonar
5. Oppvarming og øving i elva
6. Elvetur
7. Få utstyret tilbake i bilen
8. Køyra attende til basen

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    850 NOK vaksen
  • Prisinformasjon
    Vaksen: 850 NOK, Born (4-15 år): 550 NOK
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,6 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 3 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 3 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.