Elvetur på padlebrett (SUP) - Outdoor Norway

Address: Evangervegen 16, 5700 Voss Dato: Onsdag 11 sep 2019 - laurdag 12 okt 2019 Vis kart

Address: Evangervegen 16, 5700 Voss

Er du klar for å sjå elva frå eit heilt nytt perspektiv? Bli med på elvetur på SUP-brett med Outdoor Norway!

Oppmøte ved teltet vårt like ved Vangsvatnet - 50 meter framføre Voss Gondol og togstasjonen.

Me byrjar med ein SUP-introduksjon på Vangsvatnet der me lærer det grunnleggjande, før me reiser mot elva Vosso. Her vil du få padla nedover elva med guiden vår. Og kven veit, kanksje ser du ein laks eller to på vegen?

Me reiser til ein relativt enkel del av elva Vosso. Turen er likevel både kjekk og utfordrande, og du får flotte naturopplevingar på vegen.

Guiden vil også ha instruksjon på land, slik at du får med deg erfaring som du kan nytta til seinare padleturar.

Ein perfekt sommaraktivitet, også på regnvêrsdagar!

Detaljar;
Sesong: Juni til september
Avgangar: 10:15 og 15:00 kvar dag
Minst to personar, maks åtte personar
Varigheit: 3 timar, inkludert transport og tid til å skifta. Kring 1,5 - 2 timar på sjølve SUP-brettet.
Oppmøte ved basen vår ved Vangsvatet 10 minutt før turen din startar. Basen vår er eit telt som står like attmed kulturhuset og rett framføre Fleischer's Hotel.

Pris:
Vaksen: 800 kroner
Born: 720 kroner
Familie: 2720 kroner (to vaskne og to born)

Krav til deltakarar:
Må vera minst ti år
Må kunne symja
Må vera under 120 kilo
Må vera i normal fysisk form
Ver venleg å informera oss om tilstandar som astma, epilepsi, etc.

Dette er inkludert:
– Profesjonell guide på elva
– Utstyr av topp kvalitet
– SUP-brett
– SUP-padleåre
– Livvest
– Vasstett jakke
– Våtdrakt
– Transport til og frå elva

Dette må du ha med deg:
– Badetøy
– Ullundertøy om det er kaldt
– Fottøy som kan verta våte
– Kleskift
– Solkrem

Program:
1 - Check-in på basen vår ved Vangsvatnet
2 - Utlevering av utstyr
3 - Sikkerheitsgjennomgang
4 - Oppvarming og øving på Vangsvatnet
5 - Me køyrer til elva
6 - Tur på elva
7 - Me laster i bilen
8 - Me køyrer attende til basen

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    800 NOK vaksen
  • Prisinformasjon
    Vaksen: 800 kr, Born (7-17), 720 kr
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,6 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 3 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 3 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.