Guida sykkeltur til Sognefjorden - Bike the Fjords

Address: 5700 Voss Dato: Laurdag 22 jun 2019 - søndag 25 aug 2019 Vis kart

Address: 5700 Voss

Ein nydeleg sykkeltur gjennom flott fjordlandskap!

På denne turen får du oppleva Voss, Sognefjorden, Vikafjellet, den nasjonale turistruta over Gaularfjellet og Gaularvassdraget frå sykkelsetet.

Inkludert:
- 5 dagar på sykkelsetet med guide
- 6 overnattingar
- 4 middagar
- 5 frukostar
- 3 lunsjpakkar
- Leige av sykkel
- Transport av bagasje
- Ferjetur
- Hurtigbåttur

Program:

Dag 1:
Ankomst Bergen og sightseeing i byen.
Overnatting: Grand Hotel Terminus

Dag 2:
Tidleg frukost på hotellet før me tek toget frå Bergen til Voss (ikkje inkludert). Ein tilsett frå Bike the Fjords vil møta deg på stasjonen, og ta deg med til sykkelutleiga vår. Her får du ein sykkel, og me gjev informasjon om turen og om sikkerheit.
Me startar turen og syklar austover til Tvindefossen. Her har me ein kort pause for å nyta synet av fossen og ta ein is. Så syklar me vidare mot Vinje og Myrkdalen.
På Myrkdalen Hotel får me servert middag.
Overnatting: Myrkdalen Hotel

Dag 3:
Etter frukost i Myrkdalen (me pakkar med oss niste til lunsj) syklar me mot Vikafjellet. Turen går bratt oppover til å byrja med, til me når toppunktet på kring 1000 moh. Så syklar me nedover mot Vik, som ligg ved Sognefjorden.
I den vesle landsbygda Vik stoppar me for å sjå på to kyrkjer, ei steinkyrkje og ei stavkyrkje. Me et nista vår her. Me syklar langs Sognefjorden til Vangsnes og tek ferja til Dragsvik.
På andre sida syklar me kring 10 km til Kviknes Hotel i Balestrand, der me tek ein kort gåtur langs fjorden før middag om me får tid.
Overnatting: Kviknes Hotel

Dag 4:
Me et lunsj på hotellet og pakkar med oss niste for dagen. Sykkelturen startar flatt, før det vert brattare og brattare opp mot Gaularfjellet. Me et lunsjen vår på utsiktspunktet «Utsikten». Så fortset me til Flatheim Friluftsgard, der me skal tilbringa natten. Dette er ein sjarmerande liten gjestgjevarstad som ligg ved elva Gaula, der både sauer og høns går fritt rundt. Me får servert middag her på kvelden.
Overnatting: Flatheim Friluftsgard

Dag 5:
Etter frukost på Flatheim syklar me ned dalen Gaularvassdraget og langs Dalsfjord til Sande, der me skal tilbringa den neste natta.
Middag vert servert på kvelden.
Overnatting: Sande Kro & Hotel

Dag 6:
Etter frukost på Sande fortset me på sykkelsetet langs Dalsfjord til Askvoll. Her set me fra oss syklane og tek hurtigbåten klokka 16.45 til Bergen. Ankomst til Strandkaien i Bergen klokka 20.15.
Middag på eigehand i Bergen (ikkje inkludert).
Overnatting: Bergen Børs Hotel

Dag 7:
Frukost på hotellet.
Turen er ferdig!

Vis meir

Anledning

Dato    
26 Jun
Onsdag 26 jun 2019
27 Jun
Torsdag 27 jun 2019
28 Jun
Fredag 28 jun 2019
19 Aug
Måndag 19 aug 2019

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    25200 NOK 7 dagar, per person
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,8 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 2,8 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 2,8 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.