Trugetur i Raundalen - Wild Voss

Address: Vangsgata 28, 5700 Voss Dato: Torsdag 10 des 2020 - søndag 18 apr 2021 Vis kart

Address: Vangsgata 28, 5700 Voss

Trugeturen til Raundalen er ein glimrande måte å få seg ei frisk vinteroppleving i vakker fjellnatur - utan ski på beina.

 

Vi tilpassar turplanen til gruppas ønsker. I området nær Mjølfjell har vi fleire turvariantar å velje mellom. Dette er ein teknisk enkel og familievennlig tur som tek oss tett på den unike elvenaturen.

Turskildring:
Raundalen ligg like aust for Voss, og er for mange ei ukjent perle. I dalbotnen renn den verna Raundalselvi, som snirklar seg gjennom trange juv og skogdekte myrar. Snødekte fjell og bratte, skogkledde fjellsider omkransar dalen på begge sider. Her vandrar elg, hjort og småvilt – og få andre.

Toglinja mellom Bergen og Oslo går gjennom Raundalen, noko som opnar for utsleppsfri og komfortabel transport. Mellom Mjølfjell og Uppsete ligg stasjonane med berre nokre få kilometers avstand. Her er det lett å ta toget til ein stasjon og returnere frå ein annan.

​På våre trugeturar vil guiden gjerne hjelpe deg til å auke kunnskapen om vinterfriluftsliv. Kanskje du vil lære å fyre bål med ein fyrstikk? Eller lage enkel mat på bålet? Guiden fortel gjerne om naturen og nærområdet som vi ferdast i, og vil sjølvsagt sjå til at du held varmen undervegs. Om du har lyst på ei utfordring og god utsikt, kan vi legge turen opp på ein av toppane i nærleiken. Om vêret er dårlig kan vi gå inn i peisestova på Mjølfjell Ungdomsherberge, fyre opp og få varmen i kroppen. På Ungdomsherberget held Voss Kaffibrenneri til, så vi kan love framifrå kaffi på denne turen.

​Guiden tek med lokal turmat som vi lagar på leirbålet. Bålkjelen gir varm drikke til alle. Hvis vêret er dårleg, går vi saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du oppdagar raskt at tida ved bålet gjev deg høve til å nyte skogens ro – fjernt frå kvardagen. ​

​Sesong:
Turar arrangerast ved bestillingar i perioden frå 10.desember 2020 til 18.april 2021.

Kvifor bli med på guida trugetur?
Turen gir ein fin smakebit på klassisk, norsk vinterfriluftsliv. Truger er langt stødigare og lettare å meistre enn ski, og gjer vinterfjellet meir tilgjengelig for dei fleste. Fjellområdet øvst i Raundalen byr på lettgått turterreng nær den vakre Raundalselva. Guiden din byr på ny kunnskap om friluftsliv og lokal historie.

Praktiske detaljar:
Møt opp utanfor vårt kontor i 2.høgda på Tre Brør Kafé (Google maps) nær torget på Voss kl 09:30. Der helser vi på kvarandre og tek ein gjennomgang av utstyret før vi set kursen mot Voss stasjon. Vi tek toget til Ørneberget stasjon som går kl 9.59. Togturen tek om lag 40 minutt. Vi er attende på Voss kl 16.32.

​Du står fritt til å nytte eigne klede og sko på turen, så lenge guiden vurderer dei som gode nok.

​Krav til deltakarar:
Dette er ein enkel og familievennleg tur. Turen passar for friske deltakarar som vil bruke litt tid ute i vinterfjellet. Turen går delvis i fjellterreng, så vêret kan være surt og kaldt. Du treng ikkje tidlegare erfaring frå trugeturar eller frå andre turar i vinterfjellet.

Naudsynte klede og utstyr:
- Langt ullundertøy.
- Varme ullsokkar.
- Vind- og vasstette klede (skallbekledning).
- Varme, vasstette fjellstøvlar/vinterstøvlar.
- Lue.
- Hansker eller vottar.
- Solbriller om naudsynt.
- Det er lurt å ta med ein liten ryggsekk, ei vannflaske og litt tursnacks.

​Prisar og vilkår:
Prisen for vaksne er kr 1690 per person.
Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 990 per person.
Pris for familiar med inntil 3 vaksne og 3 born: kr 4990,-.
Gruppepris for grupper med 4-8 personar: kr 1275,- per person.

Nedre aldersgrense er 8 år.

​Gruppestorleik:
2-16 deltakarar. Merk: Vi må ha minst to påmelde for å gjennomføre turen.

​Inkludert i prisen:
- Leiing av ein kompetent og lokalkjend guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på bål.
- Tilgang til peisestova på Mjølfjell Ungdomsherberge.
- Smaksprøve på kaffi frå Voss Kaffibrenneri.
- Truger, skistavar og snøbriller (goggles).
- Ubegrensa tilgang til ekstra varme klede, til dømes vottar, lue, ullgenser, ullhals og ullsokkar.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Togbillettar til og frå Ørneberget stasjon.

​Litt om ansvarleg turisme og bærekraft:
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:
- Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.
- Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.
- Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.
- Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.
- Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.
- Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.
- Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

​For reservasjon, spørsmål og anna:
Kontakt Øystein på +47 93484041 eller send ein epost til [email protected] .

Vis meir

Bestill no

Velg startdato:
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

Telefon
+47 93484041
Kontakt på e-post
Pris fra
1690 NOK vaksen
Prisinformasjon
Prisen for vaksne er kr 1690 per person. Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 990 per person. Pris for familiar med inntil 3 vaksne og 3 born: kr 4990,-. Gruppepris for grupper med 4-8 personar: kr 1275,- per person.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,7 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg over resepsjonen, 100-500m frå skiheisen.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,1 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Vandrarheim og pensjonat

Voss Vandrarheim - 4-sengsrom med dusj og toalett inkl. frukost

Avstand: 1,3 km
Ligg vakkert med eige strand 800 m frå Voss stasjon. Standardrom med 4 senger, kan bookes til 1-4 personer. Prisen inkluderer sengetøy og frukostservering. Alle rom har dusj og toalett. Barn frå 0-3 år går gratis. For andre typer rom, ta kontakt direkte.
Build: 23.10.2020 15:51:24, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails