Trugetur i Raundalen - Wild Voss

Address: 5706 Voss Dato: Søndag 15 des 2019 - tysdag 21 apr 2020 Vis kart

Address: 5706 Voss

Trugeturen til Raudalen er ein ypperleg måte å få seg ei frisk vinteroppleving i vakker natur - utan ski på beina. Raundalen ligg like aust for Voss, og er for mange ei ukjent perle. I dalbotnen finn me den verna Raundalselvi, som snirklar seg gjennom trange juv og skogkledde myrområde. Snødekte fjell og bratte, skogkledde fjellsider omkransar dalen på begge sider. Her vandrar elg, hjort og småvilt - og nesten ingen andre. Toglinja mellom Bergen og Oslo går gjennom Raundalen, noko som opnar for utslippsfrie turar og komfortabel transport.

I sekken har guiden med seg lokalprodusert mat som vert laga på leirbålet. Bålkjelen sørgjer for varm drikke til alle. Om været er dårleg, går me saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du vil raskt oppdaga at tida ved bålet gjev deg anledning til å nyta stillheita i skogen - langt frå kvardagen.

Me tilpassar turplanen til gruppa sine ynskje, og tek berre med oss små grupper. Dette er ein enkel og familievenleg tur der me oppsøkjer skogen i full vinterdrakt. Turane vert arrangert dagleg i vintersesongen, mellom 15. desember og 21. april.

Dette er ein teknisk enkel og familievenleg tur.Turen passar for friske deltakarar i normal fysisk form, som har lyst på ein tur i fredelege og naturskjønne omgjevnader. Turen går i skogterreng, og er relativt beskytta mot vind og uvær. Du treng ingen tidlegare erfaring frå trugeturar eller skiturar.

Priser og vilkår:
Prisen for vaksne er 1490,- per person. Prisen for born mellom 8 og 14 år er 990,- per person. Nedre aldersgrense er 8 år. Trykk her for å bestilla familiebillettar!


Inkludert i prisen:
- Fylgje av ein erfaren guide på heile turen
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke - laga på leirbålet
- Truger og skistavar
- Varme støvlar (ved behov)
- Ubegrensa tilgang til ekstra varme klede, til dømes vottar, lue, ullgenser, ullhals og ullsokker
- Alt naudsynt sikkerheitsutstyr
- Togbillettar

Ikkje inkludert i prisen:
Eksterne transporttenester. Me kan ordna transport ved behov, mot ekstra kostnad.

Praktiske detaljar:
Møt opp utanfor Tre Brør Kafé nær torget på Voss klokka 9.15. Der helsar me på kvarandre og tek ein utstyrsgjennomgang før me går til togstasjonen. Toget til Skiple i Raundalen har avgang klokka 10.00. Togturen tek om lag 20 minutt. Me returnerer til Voss stasjon med tog som går frå Skiple klokka 16.10. Alternativt returtidspunkt kan organiserast.

På turen treng du fylgjande klede:
- Langt ullundertøy
- Varme ullsokkar
- Vind- og vanntette klede (skallklede)
- Lue
- Hanskar eller vottar
- Solbriller
- Det er lurt å ta med ein liten ryggsekk, ei vatnflaske og litt tursnacks

For din sikkerheit og komfort tilbyr me fylgjande utstyr utan ekstra kostnad:
- Varme vinterstøvler med høg kvalitet
- Ullklede som vottar, lue, ullhenser, ullhals og ullsokkar
Du står fritt til å bruka eigne klede og sko på turen, så lenge guiden vurderer dei som gode nok.

For spørsmål:
Kontakt Øystein på + 47 93484041 eller send epost til [email protected]

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1490 NOK Vaksen
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 5,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 5,8 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved resepsjon, og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 5,8 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Build: 11.12.2019 13:33:30, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails