Trugetur på Hanguren - Wild Voss

Address: 5700 Voss Dato: Søndag 15 des 2019 - tysdag 21 apr 2020 Vis kart

Address: 5700 Voss

Truger gjer det mogleg å vandra lettvint gjennom djupsnøen og nyta vinterlandskapet. Bli med Wild Voss sin guide på ein rundtur på toppen av Hanguren, like utanfor Voss Resort sine skiløyper. Når me går av stolheisen, er me midt i eit flott fjellterreng med glimrande utsikt over Voss og fjella omkring!

Trugeturen på Hanguren er eit godt alternativ for deg som ynskjer ei frisk vinteroppleving i vakker natur - utan ski på beina. Me tilpassar turplanen til gruppa sine ynskje, og tek berre med oss små grupper. Dette er ein teknisk enkel og familievenleg tur. Om du er av den leikne typen, vil du kanksje nytta høvet til å leika i snøen, skli ned små skrentar, grava ei snøhole, klatra i eit tre eller fylgja rypespora!

I sekken har guiden med seg lokalprodusert mat som vert laga på leirbålet. Bålkjelen sørgjer for varm drikke til alle. Om været er dårleg, går me saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du vil raskt oppdaga at tida ved bålet gjev deg anledning til å nyta stillheita i skogen - langt frå kvardagen. Me returnerer til heisanlegget og tek stolheisen ned til startplassen vår. Heisturen ned er både luftig og morosam! Me leverer utstyret og tek gratis buss attende til Voss stasjon.

Sesong: Turane vert arrangert så lenge heisanlegget i Voss Resort er ope. Sesongen startar som regel i midten av desember og varar til slutten av april.

Dette er ein enkel, kort og familievenleg tur. Turen passar for friske deltakarar som har lyst å tilbringa litt tid ute i vinterfjellet. Turen går i fjellterreng, så vêret kan vera surt og kaldt. Du treng ingen tidlegare erfaring frå trugeturar eller turar i vinterfjellet. Returen med stolheisen kan opplevast som luftig for dei som har høgdeskrekk.

Priser og vilkår:
Prisen for vaksne er 1490,- per person. Prisen for born mellom 8 og 14 år er 990,- per person. Nedre aldersgrense er 8 år. Klikk her for å bestille familiebillettar!

Inkludert i prisen:
- Fylgje av ein erfaren guide på heile turen
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke - laga på leirbålet
- Truger og skistavar
- Ubegrensa tilgang til ekstra varme klede, til dømes vottar, lue, ullgenser, ullhals og ullsokker
- Alt naudsynt sikkerheitsutstyr
- Heiskort

Ikkje inkludert i prisen:
Eksterne transporttenester. Me kan ordna transport ved behov. Ekstra kostnader vil påløpa.

Praktiske detaljar:
Møt opp utanfor billettluka i Voss Resort Bavallen klokka 10.15. Det er fordel med eigen bil. Det er gratis parkering hos Voss Resort. Der går me igjennom utstyr og kler på oss før me startar turen.

På turen treng du fylgjande klede:
- Varma støvlar
- Langt ullundertøy
- Varme ullsokkar
- Vind- og vanntette klede (skallklede)
- Lue
- Hanskar eller vottar
- Solbriller
- Det er lurt å ta med ein liten ryggsekk, ei vannflaske og litt tursnacks.

For spørsmål, kontakt Øystein på + 47 934 84 041 eller send mail til [email protected]

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1490 NOK Vaksen
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 2,2 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 2,2 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,2 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg over resepsjonen, 100-500m frå skiheisen.
Build: 09.12.2019 18:31:16, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails