Trugetur på Hanguren - Wild Voss

Address: Vangsgata 28, 5700 Voss Dato: Fredag 20 nov 2020 - søndag 18 apr 2021 Vis kart

Address: Vangsgata 28, 5700 Voss

Nyt vinterlandskapet høgt over Voss - utan ski!

 

Truger gjer det lettvint å gå tur i djupsnøen og nyte vinterlandskapet. Bli med vår guide på ein rundtur nær toppen av Hanguren, like utanfor Voss Resort sine skiløyper. Her finn vi flott fjellterreng med glimrande utsikt over Voss og fjella rundt.

Turskildring:
Trugeturen på Hanguren passar godt for deg som vil ha ei frisk vinteroppleving i vakker natur - utan ski på beina. Vi tilpassar turplanen til deltakarane. Dette er ein teknisk enkel og familievenleg tur. Hvis du er av den lekne typen, vil du kanskje nytte moglegheita til å skli ned små skrentar, klatre i eit tre eller følgje rypespora.

Møt guiden utanfor billettluka i Voss Resort (Google maps). Guiden går gjennom bekledning og utstyr, og sørger for at alle er utstyrt og klare for ein trugetur til fjells. Vår guide rustar deg med ekstra klede og varmt fottøy om naudsynt. Vi bruker stolheisen til å nå startstaden for trugeturen, på toppen av Hanguren, om lag 800 meter over havet. Her oppe er det ofte sur vind, så du set fort pris på dei gode og varme kleda.

Det er ôg mogeleg å kombinere trugeturen med ein tur med Voss Gondol. Dette avtalar vi før turen. Merk: Ved dårlege snøtilhøve i Bavallen kan det bli naudsynt å bruke gondolbanen for å kome til topps.

På våre trugeturar vil guiden gjerne hjelpe deg til å auke kunnskapen om vinterfriluftsliv. Kanskje du vil lære å fyre bål med ein fyrstikk? Eller lage enkel mat på bålet? Guiden fortel gjerne om naturen og nærområdet som vi ferdast i, og vil sjølvsagt sjå til at du held varmen undervegs.

Guiden tek med lokal turmat som vi lagar på leirbålet. Bålkjelen gjev varm drikke til alle. Hvis vêret er dårleg, går vi saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du oppdagar raskt at tida ved bålet gjev deg høve til å nyte skogens ro – fjernt frå kvardagen. ​

Vi returnerar til heisanlegget og tek stolheisen ned att til startstaden vår. Heisturen ned er både luftig og morosam!

Sesong:
Turar arrangerast dagleg så lenge heisanlegget i Voss Resort er åpent. 2021-sesongen startar 11.desember 2020 og sluttar 18.april 2021.

Kvifor bli med på guida trugetur?
Turen er ein fin smakebit på klassisk, norsk vinterfriluftsliv. Truger er langt stødigare og lettare å meistre enn ski, og gjer vinterfjellet meir tilgjengelig for dei fleste. Området nær Hanguren byr på super utsikt over Voss og fjella rundt.

Praktiske detaljar
​Møt opp utanfor billettluka til Voss Resort i Bavallen (obs, ikkje ved Voss Gondol), kl. 10.00. Ta gjerne kontakt med oss om du treng hjelp til å finne fram. Vi kan ordne transport ved behov. Ekstra kostnader vil påløpe.

Du står fritt til å nytte eigne klede og sko på turen, så lenge guiden vurderer dei som gode nok.

Varigheit:
Turen tek 4-5 timar frå oppmøte og til de er nede att med heisen.

Krav til deltakarar:
Dette er ein enkel og familievennleg tur. Turen passar for friske deltakarar som vil bruke litt tid ute i vinterfjellet. Turen går i fjellterreng, så vêret kan være surt og kaldt. Returen med stolheisen kan opplevast som luftig for dei som har høgdeskrekk.

Du treng ikkje tidlegare erfaring frå trugeturar eller frå andre turar i vinterfjellet.

Naudsynte klede og utstyr
- Langt ullundertøy.
- Varme ullsokkar.
- Vind- og vasstette klede (skallbekledning).
- Varme, vasstette fjellstøvlar/vinterstøvlar.
- Lue
- Hansker eller vottar
- Solbriller om naudsynt
- Det er lurt å ta med ein liten ryggsekk, ei vannflaske og litt tursnacks.

Prisar og vilkår:
Pris for vaksne er kr 1390 per person. Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 890 per person. Nedre aldersgrense er 8 år. Eigne prisar for familiar og grupper.
Gruppestorleik: 2-16 deltakarar. Merk: Vi må ha minst to påmeldte for å gjennomføre turen.

Inkludert i prisen:
- Leiing av ein erfaren guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på leirbålet.
- Truger, skistavar, snøbriller (goggles) og hovudlykt.
- Ubegrensa tilgang til ekstra varme klede, til dømes vottar, lue, ullgenser, ullhals og ullsokkar.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

Ikkje inkludert i prisen:
- Heiskort eller billett på Voss Gondol
- Eksterne transporttenester. Vi kan ordne transport om ønskeleg. Ekstra kostnader vil påløpe.​

Litt om ansvarleg turisme og bærekraft
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:
- Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.
- Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.
- Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.
- Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.
- Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.
- Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.
- Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

​For spørsmål:
Kontakt Øystein på +47 93484041 eller send ein epost til [email protected]

Vis meir

Bestill no

Om denne aktiviteten

Telefon
+47 93484041
Kontakt på e-post
Pris fra
1390 NOK Vaksen
Vandrarheim og pensjonat

Skitoget vinterferie m/ overnatting på Voss Vandrarheim - langhelg

Avstand: 1,2 km
Pakka inkluderar togbillett tur/retur Oslo-Voss, overnatting fire netter og 3-dagars heiskort + kveldskøyring i Voss Resort.
Vandrarheim og pensjonat

Skitoget midtveke med overnatting på Voss Vandrarheim

Avstand: 1,2 km
Pakka inkluderar togbillett tur/retur Oslo-Voss, overnatting to netter og heiskort i Voss Resort.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,1 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Build: 23.11.2020 18:15:40, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails