Stjernekikking og trugetur - Wild Voss

Address: 5700 Voss Dato: Tysdag 17 des 2019 - tysdag 21 apr 2020 Vis kart

Address: 5700 Voss

Bli med på ein guida trugetur i Vossafjella på kveldstid. På denne korte og relativt enkle turen kan du nyta vinterstemninga i fjellet, høgt over Voss. Truger gjer det mogleg å vandra lettvint gjennom djupsnøen og nyta vinterlandskapet. Dette er ein rundtur til på toppen av Hanguren, like utanfor Voss Resort sine skiløyper. Når me går av stolheisen, er me midt i eit flott fjellterreng med glimdrande utsikt over Voss og fjella omkring! Medan sola går ned og stjernane kikkar fram lagar me leirbål og nyter den unike kjensla av å vera på tur i vintermørket.

I sekken har guiden med seg lokalprodusert mat som vert laga på leirbålet. Bålkjelen sørgjer for varm drikke til alle. Om været er dårleg, går me saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du vil raskt oppdaga at tida ved bålet gjev deg anledning til å nyta stillheita i skogen - langt frå kvardagen.

Dette er ein enkel, kort og familievenleg tur. Turen passar for friske deltakarar som har lyst til å tilbringa litt tid ute i vinterfjellet. Turen går i fjellterreng, så vêret kan vera surt og kaldt. Du treng ingen tidlegare erfaring frå trugeturar eller turar i vinterfjellet. Returen med stolheisen kan opplevast som luftig for dei som har høgdeskrekk.

Priser og vilkår:
Prisen for vaksne er 1350,- per person. Prisen for born mellom 8 og 14 år er 890,- per person. Nedre aldersgrense er 8 år. Storleik på gruppene er 1-12 deltakarar. Trykk her for familieprisar

Inkludert i prisen:
- Fylgje av ein erfaren guide på heile turen
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke - laga på leirbålet
- Truger og skistavar
- Ubegrensa tilgang til ekstra varme klede, varme støvlar (ved behov)
- Alt naudsynt sikkerheitsutstyr
- Heiskort
- Hovudlykt

Ikkje inkludert i prisen:
Transporttenester. Me kan hjelpa til med å organisera transport ved behov, mot ekstra kostnader. Alternativ er å bestilla taxi frå Voss Taxi (tlf. 56 51 13 40)

Praktiske detaljar:
Møt opp utanfor billettluka i Voss Resort Bavallen klokka 15.30. Parkering er gratis. Guiden går gjennom klede og utstyr, og sørgjer for at alle er godt utstyrt. Me brukar stolheisen til å nå startplassen for trugeturen, på toppen av Hanguren. Der er det ofte sur vind, så du set fort pris på dei gode og varme kleda. Me returnerer til heisanlegget før stengetid og tek stolheisen ned til startplassen vår.

På turen treng du fylgjande klede:
- Langt ullundertøy
- Varme ullsokkar
- Vind- og vanntette klede (skallklede)
- Lue
- Hanskar eller vottar

For din sikkerheit og komfort tilbyr me fylgjande utstyr utan ekstra kostnad:
- Varme vinterstøvler med høg kvalitet
- Ullklede som vottar, lue, ullhenser, ullhals og ullsokkar
- Hovudlykt

For spørsmål:
Kontakt Øystein på + 47 93484041 eller send epost til [email protected]

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Kampanjekode?
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1350 NOK Vaksen
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 2,4 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,4 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 2,4 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails