Guida sykkeltur til Skjervsfossen - Bike the Fjords

Address: Vangsgata 14, 5700 Voss Dato: Onsdag 7 aug 2019 - måndag 30 sep 2019 Vis kart

Address: Vangsgata 14, 5700 Voss

Familievenleg tur til spektakulære Skjervsfossen!

Lengd: 27 km
Tid: 3 – 4 timar – kjem an på farten
Terreng: Ein slak, men lang bakke i 10 km, deretter flatt inn mot fossen. Same veg tilbake, då trillar ein lett heile vegen

Denne turen er veldig familievenleg fordi omtrent heile turen går på sykkelsti. Ein syklar frå Vossevangen mot Bjørgum i slak motbakke heile vegen, og etter 10 km flatar det ut. Når ein har kryssa hovudvegen før nye Granvinstunnellen, syklar ein siste biten mot Skjervsfossen på gamlevegen. Ved Skjervsfossen er det fleire flotte utsiktspunkt, og ein sti ein kan gå attmed fossen. Dersom ein ynskjer å sykle ned “Skjervet” for å sjå fossen frå nedsia vert turen ein del tyngre.

Attraksjonar på denne turen:
- Skjervsfossen, 135 meter høg

Bike the Fjords har guida turar til Skjervsfossen på førespurnad. Kontakt dei på [email protected] Leigesykkel er inkludert.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
17 Aug
Laurdag 17 aug 2019 10:00 - 14:00
18 Aug
Søndag 18 aug 2019 10:00 - 14:00
19 Aug
Måndag 19 aug 2019 10:00 - 14:00
20 Aug
Tysdag 20 aug 2019 10:00 - 14:00

Om denne aktiviteten

Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,2 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,8 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 2,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.