Guida sykkeltur rundt Vangsvatnet - Bike the Fjords

Address: Vangsgata 14, 5700 Voss Dato: Onsdag 7 aug 2019 - måndag 30 sep 2019 Vis kart

Address: Vangsgata 14, 5700 Voss

Sykle gjennom nydelege landskapsområde og besøk attraksjonen Bordalsgjelet på vegen!

Lengd: 23 km
Tid: 1,5 – 4 timar – kjem an på farten
Terreng: Turen kring Vangsvatnet er mest flat, men har også litt opp og ned. Det er sju lengre bakkar på turen. Ein kan anten sykla heile Vangsvatnet rundt, eller snu halvvegs.

Dette er ein familievenleg tur og passar frå born på 11 år og oppover. Ein syklar på ein gamal bilveg som er lite traffikert og langs vegen får ein sjå idylliske gardstun, mange små elver og fin natur. Du kan velgje kva veg du vil ta rundt Vangsvatnet, men vi anbefalar å byrja frå Gjernes. På vegen syklar du også forbi naturattraksjonen Bordalsgjelet, som det er verdt å ta seg ein tur innom.

Attraksjonar på vegen:
- Prestegardsmoen
- Bordalsgjelet
- Fleire små bekkar og fossar
- Rekvesmylna

Bike the Fjords har guida turar kring Vangsvatnet på førespurnad. Kontakt dei på e-post [email protected] Leigesykkel er inkludert.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
17 Aug
Laurdag 17 aug 2019 10:00 - 13:00
18 Aug
Søndag 18 aug 2019 10:00 - 13:00
19 Aug
Måndag 19 aug 2019 10:00 - 13:00
20 Aug
Tysdag 20 aug 2019 10:00 - 13:00

Om denne aktiviteten

Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,2 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 2,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,8 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.