Guida sykkeltur til Nærøyfjorden - Bike the Fjords

Address: Vangsgata 14, 5700 Voss Dato: Torsdag 19 sep 2019 - måndag 30 sep 2019 Vis kart

Address: Vangsgata 14, 5700 Voss

Vakker sykkeltur i verdsarvområdet kring Nærøyfjorden med både fjordcruise og tur med Flåmsbana inkludert.

Denne sykkelturen går gjennom verdsarvområdet Nærøyfjorden, og nokre av attraksjonane på vegen er Tvindefossen, Stalheimskleiva, Nærøydalen og Flåmsbana. Turen inkuderer tre dagar med guida sykling, fjordcruise på Nærøyfjorden og tur med Flåmsbana. Andre ting ein kan gjera på vegen er å besøkja vikinglandsbyen Njardarheimr i Gudvangen, smaka på lokalt øl i Flåm, eller ta seg eit bad i smilekulpen på Mjølfjell!

Program:

Dag 1: Velkomen til Voss
Distanse på sykkelsetet: 0-31 km
Overnatting: Store Ringheim Hotel
Måltid inkludert: Middag

Ankomst på Voss. Me møtest på togstasjonen, og du får transport opp til Store Ringheim Hotel. På hotellet får du tildelt sykkel, og me gjer naudsynte justeringar med utstyret før me tek ein liten prøvetur. Om du har tid, kan du utforska Voss på eige hand seinare på dagen. Tre-rettars middag på Store Ringheim Hotel på kvelden.


Dag 2: Sykling frå Voss til Stalheim
Distanse på sykkelsetet: 38 km
Overnatting: Stalheim Hotel
Måltid inkludert: Frukost og middag

Etter frukost på Store Ringheim Hotel syklar me austover, og på fyrste stopp får du nyta synet av den mektige Tvindefossen. På vegen syklar du forbi fleire innsjøer og små gardar. Me syklar for det meste på små og mindre trafikkerte vegar, men også på vegar med meir trafikk. Frå Tvindefossen fortset me mot Stalheim Hotel, der me skal tilbringja natta. Her kan du nyta utsikta over Nærøydalen, og ta deg ein fottur ned Stalheimskleiva om du vil. Middag vert servert på hotellet på kvelden.


Dag 3: «Noreg i eit nøtteskal»-rundtur og sykling
Distanse på sykkelsetet: 48 km
Overnatting: Fleicher’s Hotel
Måltid inkludert: Frukost, middag

Etter frukost på Stalheim Hotel startar me dagen med å sykla ned den berømte Stalheimskleiva. Så fortset me utover Nærøydalen, attmed den flotte elva før me kjem til Gudvangen. I Gudvangen set me frå oss syklane, og tek ferja på den verdskjente og UNESCO-lista Nærøyfjorden, til Flåm. Her vert det moglegheiit for litt sightseeing og lunsj, før me tek Flåmsbana opp til Myrdal. På Myrdal byter me tog på lokaltoget mot Voss, og går av på Ljosanbotn stasjon. Herfrå syklar me ned Raundalen mot Voss. På vegen er det mogleg å ta seg eit forfriskande bad i «Smilekulpen» på Mjølfjell, om det skulle frista. På Voss sjekkar me inn på Fleischer’s Hotel, der du rekk ein tur i bassenget før middagen vert servert på kvelden. Me overnattar her.


Dag 4: Heimreise
Etter frukost på Fleischer’s Hotel seier me takk for turen, og reiser kvar til vårt.


Guida tur på førespurnad. For bestilling, ta kontakt med [email protected]

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
22 Sep
Søndag 22 sep 2019 09:00 - 17:00
23 Sep
Måndag 23 sep 2019 09:00 - 17:00
24 Sep
Tysdag 24 sep 2019 09:00 - 17:00
25 Sep
Onsdag 25 sep 2019 09:00 - 17:00

Om denne aktiviteten

Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,8 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 2,8 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,2 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.