Njardarheimr - Gudvangen vikinglandsby

Address: 5747 Gudvangen Dato: Onsdag 11 sep 2019 - torsdag 30 apr 2020 Vis kart

Address: 5747 Gudvangen

Reis tusen år tilbake i tid og opplev korleis det var å vera viking!

I Viking Valley vil du møte innbyggjarane i vikingbyen Njardarheimr, som vil ta deg 1000 år tilbake i tid. I Njardarheimr får du ta aktivt del i eit samfunn med folk som er levande opptekne av å formidle historia om vikingane, om deira reiser, båtar og om korleis vikingtida har sett sine spor i vårt moderne samfunn.

Her kan du fritt vandre rundt og oppleve dei ulike bygningane og aktivitetane i vikingbyen og lære meir om byggeskikk, religion, mat og handverk.

For å få best utbytte av besøket anbefaler vi at du blir med på «The Viking Experience», som er ein guida rundtur i byen. I løpet av 45 minutt får du ei spanande innføring i livet som viking. Turane går kvart 30. minutt i sommarsesongen, og er inkludert i inngangsbilletten.

Vikinglandsbyen Njardarheimr består av meir enn 20 bygningar og i overkant 2000m2 bygningsmasse, og fleire er under planlegging. Husa vert bygde utfrå tidlegare erfaringar med rekonstruksjonar av vikingtida sine bygningar. Alle utsmykningane er basert på stilartar frå vikingetida, men med vårt eige design. I bygga vert det nytta materiale som finst her ved Nærøyfjorden, t.d. torv og takspon, som på stavkyrkjene.

I vikinglandsbyen kan du vere med på aktivitetar, sjå attraksjonar, snakke med innbyggjarane i Njardarheimr og lære meir om vikingtida. Du kan oppleve spenninga med bogeskyting, øksekasting og lære deg vikingeleikar og kjenn på lukta av tjære og bålbrenning.

Å samlast rundt måltid var viktig i viking-tida. I "Heidrun" kan du smake på mat laga etter gamle metodar med ingrediensar dei hadde tilgjengeleg.
Fast på menyen er Vikingsuppe med grovt brytebrød, grove heimelaga pølser med kålsalat, nysteikte pannebrød med laks eller spekepølse og Ramsløksrømme, i tillegg til fisk og kjøtt frå grillen med tidsriktig tilbehøyr. I Njardarheimr sel vi mat, og gir deg i tillegg ei historisk matoppleving.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
16 Sep
Måndag 16 sep 2019 10:00 - 18:00
17 Sep
Tysdag 17 sep 2019 10:00 - 18:00
18 Sep
Onsdag 18 sep 2019 10:00 - 18:00
19 Sep
Torsdag 19 sep 2019 10:00 - 18:00

Om denne aktiviteten

  • Nettsted
  • Prisinformasjon
    Vaksne Kr 200,- Barn Kr 98,- (4-15 år) Barn under 4 år gratis i følgje med føresette.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 33,8 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hotell

Myrkdalen Hotel

Avstand: 18,9 km
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på fjellturar i alle utgåver, sykkelstiar, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 33,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.