Myrkdalen Fjellandsby

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand Dato: Fredag 20 nov 2020 - fredag 31 des 2021 Vis kart

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand

Eitt av dei største skisentra på Vestlandet – med familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper, herleg off-piste terreng og langrennsløyper.

 

I Myrkdalen fell det meir snø enn nesten nokon annan plass i Europa. Det gjer destinasjonen til ein ynda plass for skientusiastar, frå dei aller minste som leikar seg i barneområdet, til dei som likar velpreparerte løyper og urørt pudder.

Myrkdalen er eit familievenleg skisenter med 22 varierte løyper og ni heisar, og har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar og herleg off-piste terreng. Skisenteret har totalt ni heisar fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste.

Løypenettverket er samanhengande, med totalt 22 varierte løyper i alle vanskegradar. Til saman byr Myrkdalen på 28,5 km med preparerte løyper. Løypene er breie og oversiktlege – Myrkdalen er difor ein ypperleg plass å læra seg å stå på ski. Treng ein skiundervisning eller å leiga ski har skiskulen og skiutleiga i Myrkdalen eit breitt utval av aktivitetar, kurs og utstyr.

Barneområdet har totalt to tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband og fire varierte grøne løyper. Barneområdet ligg i sjølve basen av skisenteret, med enkel tilkomst frå parkering og Myrkdalen Hotel.

Langrenn, fjellski og topptur:
For dei som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia rett over vegen for skisenteret. Her er det preparerte løyper og 5 km lysløype - perfekt for dei som vil ta ut den siste energien med ei kveldsøkt. Områda rundt Myrkdalen byr også på eit flott terreng for fjellski og toppturar.

Skiskule og skiutleige:
Skiutleige med alt av utstyr finn du hjå Sport 1 Myrkdalen. Myrkdalen Skiskule tilbyr privat- og gruppeundervisning på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.

Kveldskøyring:
Ope i helgane, og kvar dag i ferier. Kveldskøyringa er i Landsbytrekket og i Mikkeltrekket.

Overnatting:
På Myrkdalen Hotel eller i hytter og leiligheiter.

Vis meir

Anledning

Dato    
1 Des
Tysdag 1 des 2020
2 Des
Onsdag 2 des 2020
3 Des
Torsdag 3 des 2020
4 Des
Fredag 4 des 2020

Om denne aktiviteten

Telefon
+47 47 47 16 00
Kontakt på e-post
Opening hours
Skisesongen startar som regel i midten av november og varar til slutten av april, avhengig av vêr og føre.
Hotell

Myrkdalen Hotel

Avstand: 76 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på fjellturar i alle utgåver, sykkelstiar, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 23 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 23 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Build: 01.01.2000 00:00:00, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails