Myrkdalen Fjellandsby

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand Dato: Onsdag 11 des 2019 - torsdag 31 des 2020 Vis kart

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand

Eitt av dei største skisentra på Vestlandet – med familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper, herleg off-piste terreng og langrennsløyper.

Myrkdalen ligg i Voss Kommune, berre to små timar frå Bergen. I Myrkdalen fell det meir snø enn nesten nokon annan plass i Europa. Det gjer destinasjonen til ein ynda plass for skientusiastar, frå dei aller minste som leikar seg i barneområdet, til dei som likar velpreparerte løyper og urørt pudder.

Myrkdalen er eit familievenleg skisenter med 22 varierte løyper og ni heisar, og har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar og herleg off-piste terreng. Skisenteret har totalt ni heisar fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste.

Løypenettverket er samanhengande, med totalt 22 varierte løyper i alle vanskegradar. Til saman byr Myrkdalen på 28,5 km med preparerte løyper. Løypene er breie og oversiktlege – Myrkdalen er difor ein ypperleg plass å læra seg å stå på ski. Treng ein skiundervisning eller å leiga ski har skiskulen og skiutleiga i Myrkdalen eit breitt utval av aktivitetar, kurs og utstyr.

Barneområdet har totalt to tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband og fire varierte grøne løyper. Barneområdet ligg i sjølve basen av skisenteret, med enkel tilkomst frå parkering og Myrkdalen Hotel.

Langrenn, fjellski og topptur:
For dei som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia rett over vegen for skisenteret. Her er det preparerte løyper og 5 km lysløype - perfekt for dei som vil ta ut den siste energien med ei kveldsøkt. Områda rundt Myrkdalen byr også på eit flott terreng for fjellski og toppturar.

Overnatting:
På Myrkdalen Hotel eller i hytter og leiligheiter. Sjå under "overnatting" for bestilling og meir informasjon.

Opningstider 2019/2020:

Kvar dag frå 30.november - 31.januar: Kl. 09.30 - 15.30
Kvar dag frå 1.februar til 3.mai: Kl. 09.30 - 16.00

Redusert opningstid:
Julaftan: Kl. 09.30 - 14.00

Kveldskøyring:
Fredag og laurdag frå 13.desember - 28.mars: Kl. 16.00 - 20.00
Kvar dag i vinterferievekene (10.-29.februar): Kl. 16.00 - 20.00

Kveldskøyringa er i Landsbytrekket og i Mikkeltrekket.

Myrkdalsstovo Velkomstssenter:
I fyrste etasje i Myrkdalsstovo finn du velkomstssenteret vårt. Her kan du kjøpa heiskort og eit lite utval matvarer. Det er også kafè med enkle rettar:

Opningstider vintersesongen 2019/2020
Kvar dag: Kl. 8.30 - 17.00
Open til kl. 20.00 når det er kveldskøyring

Vis meir

Anledning

Dato    
16 Des
Måndag 16 des 2019
17 Des
Tysdag 17 des 2019
18 Des
Onsdag 18 des 2019
19 Des
Torsdag 19 des 2019

Om denne aktiviteten

  • Telefon
    +47 47 47 16 00
  • Kontakt på e-post
  • Nettsted
  • Opening hours
    Skisesongen startar som regel i midten av november og varar til slutten av april, avhengig av vêr og føre.
Hotell

Myrkdalen Hotel

Avstand: 76 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på fjellturar i alle utgåver, sykkelstiar, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 23 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved resepsjon, og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 23 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Build: 11.12.2019 13:33:30, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails