Handverkaren sin tur - Wild Voss

Address: Tvinde, 5710 Skulestadmo Dato: Onsdag 7 aug 2019 - søndag 15 sep 2019 Vis kart

Address: Tvinde, 5710 Skulestadmo

Bli med på ein nydeleg fottur der du lærer om gamle byggetradisjonar av ein fagmann!

Vestlandet er prega av sterke og stolte tradisjonar. Voss er staden der natur møter kultur. Her bur det fagfolk som brukar og gir vidare liv til gammal kunnskap og handverk, frå landbruk til veving. Nokre av dei teknikkane som brukast her har sitt opphav fleire hundre år tilbake i tid.

På Handverkaren sin tur får du gjenoppdage tradisjonar som utan tvil er ein del av den Vestlandske og den Norske identiteten, men som no døyr ut i mange regionar.

​Turskildring:
Tømraren Jean-Christophe tek deg med på vandretur i typisk Vestlandsnatur til ein tradisjonsrik gammal gard. Her fortel han om byggeskikkar og livet knytta til bygningane der. Det handlar om lafting, grindbygg, bruk av verktøy, hogst i skogen, tørrmuring og mykje meir. Det handlar og om korleis ein bygning skal fungere, gjerne samanlikna med moderne bygningar. Og ikkje minst, korleis livet var i slike bygninger før i tida.

På denne kulturhistoriske vandreturen flettar vi og inn ein del naturhistoriske tema mens vi går gjennom skogen, over bekker eller langs landbruksområder. Vi må rekne med å helse på nokre sauer og kyr i løpet av turen. Ta mange spørsmål med på turen, så skal vi finne svar på dem i lag!

Sesong:
Daglege turar i perioden 15.juni til 15.september.

​Praktiske detaljar:
​Møt opp på Voss Stasjon kl 10.00. Vi tar buss vidare til startpunktet for turen, ikkje langt frå Tvildefossen. Oppmøtetida korresponderer med tog som går frå Bergen kl 8.39.

Vi er attende på stasjonen innan kl 16.30.

Krav til deltakarar:
Dette er ein enkel, kort og familievenleg tur. Turen passar for deg som har lyst til å bruke nokre timar ute på tur. Du treng ikkje å vere i god form for å bli med på denne turen, og terrenget er i all hovudsak enkelt å ta seg fram i.

Naudsynt bekledning og utstyr - på turen treng du dette:
- Gode sko eller støvlar til vandring i skog.
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Ei ekstra ulltrøye.
- Solbrillar og solkrem.
- Vandrestavar er ein god idé.

​Prisar og vilkår:
Prisen for vaksne er kr 1150 per person. Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 650 per person. Nedre aldersgrense er 9 år.

Gruppestorleik:
1-12 deltakere. Grupper som er større enn 5 personer oppnår 20% grupperabatt.

​Inkludert i prisen:
- Følgje av ein kompetent handverkar og guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Bussbillettar.

Ikkje inkludert i prisen:
- Tog eller annan reisemetode til Voss.

Litt om ansvarleg turisme og berekraft:
- Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:
- Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.
- Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.
- Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.
- Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.
- Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.
- Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.
- Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1150 NOK Vaksen
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 8,9 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 8,9 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 8,9 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.