Bornas sykkelfestival i Myrkdalen

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand Vis kart

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand

Velkomen til bornas sykkelfestival i Myrkdalen 7. - 8. september! Arrangementet er for alle born i alderen 6-12 år, med fokus på meistring og leik på to hjul.

TRE ALDERSGRUPPER
Deltakarane blir delt inn i mindre grupper ut i frå alder, 6-7 år, 8-9 år og 10 - 12 år, med eit variert innhald for alle aldersgruppene. For dei to yngste gruppene blir det leik på sykkelen, diverse øvingar på den nye pumptracken vår og i sykkelløypene utanfor hotellet.

For den eldste gruppa blir det sykkelkurs med Eirik Ulltang, som er Noregs beste innan trialsykling. Trialsykling er å sykla gjennom ei løype med mange ulike hindringar, og på kurset vil ein få gode tips for å bli betre teknisk på sykkelen og koma seg over ulike hinder.

BORNAS SYKKELRITT
Sykkelfestivalen blir avslutta med bornas sykkelritt - eit kjekt arrangement utan tidtaking i ei løype som alle kan gjennomføra. Borna får startnummer på sykkelen og det vert medaljesermoni etter gjennomført ritt.

FELLES MÅLTID & AFTERBIKE
Laurdag 7. september blir det felles lunsj i Restaurant Tunet med pasta og pizzabuffèt på menyen. På ettermiddagen blir det afterbike i Pudder og felles middag med grilltallerken.

SYKKELSHOW MED EIRIK ULLTANG & CO
Laurdag kveld kl 18.00 blir det sykkelshow med Eirik Ulltang, Noregs beste innan sykkelgreina biketrial. Eirik og makkeren hans er tryllekunstnarar på sykkelen og hoppar over det meste. Sjå film her

PRISAR
Festivalpass for dei ulike aldersgruppa kostar kr 500,- per person. Heile programmet laurdag og sundag, lunsj og middag laurdag og sykkelshow med Eirik Ulltang & co er inkludert i passet. NB! Begrensa antal plassar - me har plass til 25 born per aldersgruppe.

SYKKEL OG UTSTYR
All sykling vil i hovudsak vera på ei tilrettelagt terrengsykkeløype og asfaltert pumptrack, og alle typar syklar vil fungere her (unnateke landevegsyklar med svært glatte og smale dekk)

Før de kjem til Myrkdalen er det fint om de sjekkar at bremsene fungerer, kjedet er olja og at det er luft i dekka.

UTLEIGE AV SYKLAR
Myrkdalen Sport har eit lite utval terrengsyklar for born til utleige.

PROGRAM LAURDAG

Kl.10.00
Velkomen og sjekk av syklar
Det er viktig at borna med ein føresett kjem kl 10.00, då dei vaksne må skriva under på eit eigenerklæringsskjema før aktivitetane byrjar.

Kl. 11.00 - 12.00
6 - 7 år: Kjekke øvingar og leik på sykkelen
8 - 9 år: Kjekke øvingar og leik på sykkelen
10 - 12 år: Diverse øvingar i sykkelløypene utanfor Myrkdalen Hotel

Kl. 12.00 – 13.30
Felles lunsj i Restaurant Tunet: Pasta og pizzabuffèt

Kl. 14.00 - 15.00
6 - 7 år: Diverse øvingar i sykkelløypene utanfor Myrkdalen Hotel
8 - 9 år: Diverse øvingar på den nye pumptracken vår
10 - 12 år: Sykkelkurs med Eirik Ulltang

Kl. 16.30
Felles middag med grilltallerken og afterbike i Pudder Afterski
Middag blir servert kl 17.00

Kl 18.00
Sykkelshow med Eirik Ulltang & co utanfor Pudder Afterski

SUNDAG

Kl. 09.30 – 12.00
10 – 12 år: Guida sykkeltur i Myrkdalen

Kl. 10.00 – 11.00
6 - 7 år: Diverse øvingar på den nye pumptracken vår
8 - 9 år: Diverse øvingar i sykkelløypene utanfor Myrkdalen Hotel

Kl. 13.00 – 15.00
For alle aldersgrupper: Bornas sykkelritt- eit kjekt arrangement utan tidtaking i ei løype som alle kan gjennomføra. Utdeling av medaljar og diplomar etter gjennomført ritt.

Vis meir

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    500 NOK Festivalpass
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 23 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Hotell

Myrkdalen Hotel

Avstand: 76 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på fjellturar i alle utgåver, sykkelstiar, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 23 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.