Festivalpass for born 8-9 år

Dato: Laurdag 7 sep 2019 - laurdag 7 sep 2019

For denne gruppa blir det leik på sykkelen, diverse øvingar på den nye pumptracken vår og i sykkelløypene utanfor hotellet. Festivalen blir avslutta med bornas sykkelritt - eit kjekt arrangement utan tidtaking i ei løype som alle kan gjennomføra.

PROGRAM LAURDAG: BORN 8 - 9 ÅR

Kl.10.00
Velkomen og sjekk av syklar
Det er viktig at borna med ein føresett kjem kl 10.00, då dei vaksne må skriva under på eit eigenerklæringsskjema før aktivitetane byrjar.

Kl. 11.00 - 12.00
Kjekke øvingar og leik på sykkelen

Kl. 12.00 – 13.30
Felles lunsj i Restaurant Tunet: Pasta og pizzabuffèt

Kl. 14.00 - 15.00
Diverse øvingar på den nye pumptracken vår

Kl. 16.30
Felles middag med grilltallerken og afterbike i Pudder Afterski
Middag blir servert kl 17.00

Kl 18.00
Sykkelshow med Eirik Ulltang & co utanfor Pudder Afterski
Laurdag kveld kl 18.00 blir det sykkelshow med Eirik Ulltang, Noregs beste innan sykkelgreina trialsykling. Eirik og makkeren hans er tryllekunstnarar på sykkelen og hoppar over det meste.

PROGRAM SUNDAG: BORN 8-9 ÅR

Kl. 10.00 - 11.00
Diverse øvingar i sykkelløypene utanfor Myrkdalen Hotel

Kl. 13.00 – 15.00
Bornas sykkelritt- eit kjekt arrangement utan tidtaking i ei løype som alle kan gjennomføra. Utdeling av medaljar og diplomar etter gjennomført ritt.

SYKKEL OG UTSTYR
All sykling vil i hovudsak vera på ei tilrettelagt terrengsykkeløype og asfaltert pumptrack, og alle typar syklar vil fungere her (unnateke landevegsyklar med svært glatte og smale dekk)

Før de kjem til Myrkdalen er det fint om de sjekkar at bremsene fungerer, kjedet er olja og at det er luft i dekka.

UTLEIGE AV SYKLAR
Myrkdalen Sport har eit lite utval terrengsyklar for born til utleige.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Tilgjengeleg: 07.09.2019