Bestiging av Lønahorgi over Svartahorgi

Dato: Torsdag 20 jun 2019 - tysdag 15 okt 2019 Vis kart

Flott tur til toppen av Lønahorgi på 1410 moh!

Denne turen følger same ruta som stølsturen til Årdalen opp til skoggrensa. Derifrå finn vi vår eigen veg nordover mot fjellryggen som heiter Svartahorgi (1037). Utsikta blir stadig flottare medan vi følger ryggen mot Lønahorgi, med sin ikoniske radiomast på toppen. Om veret tillet, nyt vi ein kvil på toppen, og den framifrå utsikta i alle himmelretningar.

Returen går anten ned att same vegen som oppstiginga, eller ved å følge grusvegen sørover mot Voss Resort. Distansen blir om lag den same. Gratulerer - du har no gjort ei komplett bestiging av Horgi!

​Turdetaljar for Lønahorgi over Svartahorgi
- Samla distanse: 15-17 km.
- Estimert tidsbruk: Om lag 8 timar på tur.
- Samla stigning: 1400 meter.
- Turgradering: Krevjande (sort).
- Familievenleg: Nei. Aldersgrense 12 år.
- Tilgjengelig med offentleg transport: Ja.

Sesong:
Kan tingast dagleg i perioden 15.juni til 15.oktober.

Kvifor bli med?
Dette er ein krevjande og flott tur i variert terreng. Vi følger vakre fossar, beiteområder og åpen furuskog. Her er naturen meir inntakt enn på sørsida.

Undervegs får vi sjå og høre om det flotte gardstunet på Staup, stølstunet Moldbakken, og vi kan la oss imponere av Lønahorgi sine ville stup høgt over oss. Frå toppen ser vi langt innover i vakre Stølsheimen, Hardangerjøkulen, Hårteigen og Folgefonna.

​Praktiske detaljar:
Oppmøte på guidekontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 10.00.

​Kjem du med tog frå Bergen? Turen korresponderar godt med toget som har avgang kl 08.39 frå Bergen.

Vi tek buss frå Voss Tinghus kl 10.10. Bussturen tek om lag 15 minutt.

Om du ynskjer å køyre privatbil, så avtaler vi det på førehand.

Vi er attende på Voss kring kl 19.15.

​​​Krav til deltakarar:
Denne turen byrjar i lettgått terreng på god sti, men terrenget blir meir utfordrande over tregrensa. Det er ein fordel om du har gått nokre turar i fjellet før, men det er ikkje eit krav. Du er i god fysisk form og føler deg frisk.

Naudsynte klær og utstyr til turen:
- Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ei ekstra t-skjorte.
- Ekstra genser eller lett fleecejakke.
- Solbrillar og solkrem.
- Vandrestavar er ein god idé.
- Lue eller caps.
- Drikkeflaske og litt tursnacks.

​Prisar og vilkår:
Prisen er kr 1490 per person.

Gruppestorleik: 1-10 deltakarar. Grupper som er større enn 5 personar oppnår 20% grupperabatt.

Inkludert i prisen:
- Følge av ein kompetent guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov.
- Transport med rutebuss til og frå Voss.

Ikkje inkludert i prisen:
- Tog eller annan reisemåte til Voss.

Korleis finne fram til Staup?
Frå Voss, følg E16 nordover til Løno, om lag 9 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av til venstre og følg den bratte grusvegen opp til parkeringsplassen ved det flotte gardstunet Staup.



Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1409 NOK per person
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 5,3 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 5,3 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 5,3 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.