Rundtur til Folgefonna Nasjonalpark - "Reis som dei lokale"

Dato: Onsdag 7 aug 2019 - onsdag 23 des 2020 Vis kart

Rundtur med kollektivtransport: Voss - Odda - Sundal - Utne - Kvanndal - Voss

Dette er ein “Reis som dei lokale"-tur. Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eigen hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Når du bestiller denne turen - får du ein enkeltbillett for heile rundturen og alle transportmidlane!

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar.

______________________________________

Denne turen tek deg langs Hardangerfjorden og Nasjonal Turistveg Hardanger, og på ei reise gjennom vakre fjord- og fjellandskap. På vegen vil bussen mellom anna passere over Hardangerbrua, som er blant dei ti lengste hengebruene i verda.

Turen startar på Voss. Inst i Sørfjorden kjem du til første stopp som er Odda. Her finn du eit godt utval av aktivitetar og opplevingar, og ta turen innom turistinformasjonen i sentrum for informasjon.

Ta bussen vidare mot Sundal. Her ventar ein flott fottur i Bondhusdalen og Folgefonna Nasjonalpark. Turen startar 500 meter frå busstoppet, og går på fin grusveg oppover i dalen. Informasjonsskilt ved starten (turen kan også gjerast vinterstid om det ikkje er for mykje snø).

Buss tilbake til Odda, og vidare langs den vakre fjorden til ferjeleie Utne. Nyt utsikta på ferjeturen til Kvanndal, og siste etappe med buss til Voss.

______________________________________

Reiserute med avgangar - måndag til fredag:

09:20 - Buss frå Voss stasjon til Odda - buss nr 990
11:20 - Ankomst Odda

13:15: Buss frå Odda til Sundal - buss nr 760
13:35: Ankomst Sundal

16:15: Buss frå Sundal attende til Odda - buss nr 760
16:35: Ankomst Odda - bussbytte til buss nr 980 mot Utne
17:25: Ankomst Utne ferjekai

17:30: Ferje frå Utne til Kvanndal
17:50: Ankomst Kvanndal

17:50: Buss frå Kvanndal til Voss - buss nr 925
18:35: Ankomst Voss

______________________________________

NB! Ved bestilling vil du motta ein e-post frå Travel like the locals med billetten din. Vis fram denne på alle transportmiddel på turen.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    200 NOK Vaksen
  • Prisinformasjon
    Vaksen: 200 kr, Born (4-15 år): 101 kr