Flogefiskehelg

Dato: Laurdag 31 aug 2019 - laurdag 31 aug 2019

Helga 31. august - 2. september kan du bli med Ingvild Aurdal og Cato Vivelid Nilssen frå VM-laget i flugefiske, på kaste- og fiskekurs! Dei gjev deg instruksjon i gode kasteteknikkar og tek deg med på praktisk fiske i elva!

Deltakarane blir delt inn i mindre grupper etter nivå og erfaring, slik at ein får godt utbyte av kurset enten ein er nybyrjar eller vidarekomen.

FREDAG 31. AUGUST
Kl 18.00 - 19.30: Bli kjend og informasjon om helga.
Kl 20.00: 3-rettars middag i Restaurant Nuten

LAURDAG 1. SEPTEMBER
Kl 10.00 - 16.00: Flugekastekurs. Praktisk kasteinstruksjon med innføring i gode kasteteknikkar.
Kl 20.00: 3-rettars middag i Restaurant Nuten

SUNDAG 2. SEPTEMBER
Kl 10.00 - 16.00: Praktisk fiske
Sundagen held me oss ved elva heile dagen. Her får alle høve til å setja sin nyerverva kunnskap ut i praksis under kyndig instruksjon. Me ser også på kva ørreten et, kvar han befinn seg i elva m.m

KVA ER INKLUDERT
Instruksjon begge dagar, 3-rettars middag fredag og laurdag, samt fiskekort er inkludert i prisen.

UTSTYR
Ta med eige utstyr. Har du behov for å leiga utstyr kan du kontakta Ingvild Aurdal på e-post [email protected]

ALDERSGRUPPE
Alle kan delta på dette kurset

TRANSPORT
Me legg opp til at me køyrer i eigne bilar til elva.

Kun 15 plassar - fyrstemann til mølla!

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Tilgjengeleg: 31.08.2019