Fluefiskehelg
Dato: Laurdag 19 jun 2021 - laurdag 19 jun 2021
22. - 23. august kan du bli med Ingvild Aurdal og Cato Vivelid Nilssen frå VM-laget i fluefiske, på kaste- og fiskekurs! Dei gjev deg instruksjon i gode kasteteknikkar og tek deg med på praktisk fiske i elva!
Deltakarane blir delt inn i mindre grupper etter nivå og erfaring, slik at ein får godt utbyte av kurset enten ein er nybyrjar eller vidarekomen.
LAURDAG 22. AUGUST
Kl 10.00 - 16.00: Fluekastekurs. Praktisk kasteinstruksjon med innføring i gode kasteteknikkar.
Kl 20.00: 3-rettars middag i Restaurant Nuten
SUNDAG 23. AUGUST
Kl 10.00 - 16.00: Praktisk fiske
Sundagen held me oss ved elva heile dagen. Her får alle høve til å setja sin nyerverva kunnskap ut i praksis under kyndig instruksjon. Me ser også på kva ørreten et, kvar han befinn seg i elva m.m
PRIS
Kr 1800,- per person
KVA ER INKLUDERT
Instruksjon begge dagar, 3-rettars middag laurdag, samt fiskekort er inkludert i prisen.
UTSTYR
Ta med eige utstyr. Har du behov for å leiga utstyr kan du kontakta Ingvild Aurdal på e-post [email protected]
ALDERSGRUPPE
Alle kan delta på dette kurset
TRANSPORT
Me legg opp til at me køyrer i eigne bilar til elva.