Fjelltur laurdag og sundag

Dato: Laurdag 14 sep 2019 - laurdag 14 sep 2019

Guida fjelltur begge dagar, samt buss, båt og ei eining drikke på båten er inkludert i dette passet.

LAURDAG 8. SEPTEMBER
Laurdag går turen frå Jordalen til vakre Dyrdal ved Nærøyfjorden. Me køyrer til Øvstedalen (850 moh) og går til Fresvikvarden og vidare opp til høgste punkt ved Styvisdalsvatnet (1252 moh). Herfrå går det bratt ned Huldabotn og me følgjer trakket ut Styvisdalen til Hjølmo. Frå stølane på Hjølmo er det grusveg til Dyrdal.

Dyrdal, som ligg utan bilveg ved Nærøyfjorden, hadde i gamle dagar over 100 innbyggjarar. I dag er det ingen fastbuande i grenda, men det er framleis flott å oppleva det særeigne klyngetunet på terrassen ovanfor sjøen.

Frå Dyrdal tek me båt til Flåm, med servering av drikkevarer inkludert. I Flåm tek bussen oss tilbake til Myrkdalen Hotel.

Avreise Myrkdalen: Kl 07.00
Lengde på tur: 15 km og stigning på 400 høgdemeter.
Båt frå Dyrdal - Flåm: Kl 16.25 - 18.00
Buss Flåm - Myrkdalen: Kl 18.00 - 19.00

Guida tur, buss Myrkdalen - Jordalen og Flåm - Myrkdalen, båt Dyrdal - Flåm og ei eining drikke på båten er inkludert.

SUNDAG 9. SEPTEMBER
Sundag går me på Blåfjellet i Jordalen. Turen går frå Nedstedalen i i Jordalen. Her kryssar me elva og går opp lia til Storesalen. Frå Storesalen går me av stien og følgjer ryggen opp til Blåfjell. På toppen er det nydeleg utsikt over heile Vikafjellet og Fresvikbreen.

Avreise Myrkdalen: Kl 08.30
Lengde på tur: Kl 09.30 - 16.30
Buss Jordalen - Myrkdalen: Kl 16.30 - 17.15

Guida tur og buss tur/retur Myrkdalen er inkludert.

Det er mogleg å kjøpa fjelltur begge dagar eller ein av dagane. Ver merksam på at det kan bli endringar i programmet grunna vèr og andre uforutsette faktorar.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Tilgjengeleg: 14.09.2019