Fjelltur laurdag

Dato: Laurdag 14 sep 2019 - laurdag 14 sep 2019

Guida fjelltur til Dyrdal, samt buss Myrkdalen - Jordalen og Flåm - Myrkdalen, båt Dyrdal - Flåm og ei eining drikke på båten er inkludert i dette passet.

LAURDAG 8. SEPTEMBER
Laurdag går turen frå Jordalen til vakre Dyrdal ved Nærøyfjorden. Me køyrer til Øvstedalen (850 moh) og går til Fresvikvarden og vidare opp til høgste punkt ved Styvisdalsvatnet (1252 moh). Herfrå går det bratt ned Huldabotn og me følgjer trakket ut Styvisdalen til Hjølmo. Frå stølane på Hjølmo er det grusveg til Dyrdal.

Dyrdal, som ligg utan bilveg ved Nærøyfjorden, hadde i gamle dagar over 100 innbyggjarar. I dag er det ingen fastbuande i grenda, men det er framleis flott å oppleva det særeigne klyngetunet på terrassen ovanfor sjøen.

Frå Dyrdal tek me båt til Flåm, med servering av drikkevarer inkludert. I Flåm tek bussen oss tilbake til Myrkdalen Hotel.

Avreise Myrkdalen: Kl 07.00
Lengde på tur: 15 km og stigning på 400 høgdemeter.
Båt frå Dyrdal - Flåm: Kl 16.25 - 18.00
Buss Flåm - Myrkdalen: Kl 18.00 - 19.00

Guida tur, buss Myrkdalen - Jordalen og Flåm - Myrkdalen, båt Dyrdal - Flåm og ei eining drikke på båten er inkludert.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Tilgjengeleg: 14.09.2019