Strikkehelg i Myrkdalen

Me gjentek suksessen og inviterer til strikkehelg på Myrkdalen Hotel 25. - 27. oktober! Årets tema er "Lær å strikk" med Berit Skjervheim. Det vert også kurs i hælstrikk, farging av garn, stands med sal av garn, mannekengoppvisning og gode middagar!

LÆR Å STRIKK
Årets tema er Lær å strikk med Berit Skjervheim. Det vert kurs for nybyrjarar der ein får kjøpt strikkepakke til ein lettstrikka genser. Første etappe startar fredag kveld med oppfølgjingskurs laurdag føremiddag. Ein får kontinuerleg hjelp i løpet av helga om ein står fast. Målet er at deltakarane får læra seg å leggja opp, felling og auking, rett og vrang, rundfelling mm.

HÆLSTRIKKING
Lær å strikk hæl til labbar med Marit Klette Kvarekvål! Ta med eit ferdigstrikka bråt og herfra får du instruksjon i korleis ein strikkar fine hælar på vinterens varme labbar! Du får god instruksjon og mønsteret er til odel og eige.

FARGING AV GARN MED YSTABØ GULL
Kunsten å farga garn med Ystabø Gull! Ta med deg ei panne, kle du ikkje er redd for og lær deg kunsten å farga ditt eige garn. Du kan kjøpa ullgarn hjå Ystabø Gull om du ikkje har sjølv. Fint om du gjev oss beskjed om du ynskjer å vere med på å farge ditt eige garn slik at me kan legge best til rette for ei god oppleving for alle på dette populære kurset. Send ein e-post til: [email protected]

PROGRAM

Fredag:
Messa er ope kl. 18.00 - 20.00
Nybyrjarkurs: Lær og strikk med Berit Skjervheim kl. 18.00
Pizza- og pastabuffet i Restaurant Tunet kl. 19.00 - 21.00

Laurdag:
Messa er ope kl. 10.00 -18.00
Kurs for nybyrjarar kl. 10.30
Lær å strikk hæl på labbar kl. 11.00
Kurs i farging av garn kl. 12.00
Mannekengoppvisning og loddtrekking på inngangsbilletten kl. 16.00
Myrkdalstapas kl. 20.00
Strikkekos i Salto Lobbybar etter middag

Sundag:
Messa er ope kl 10.00 - 12.00. Denne dagen er det gratis inngang.

PRISAR
Billett fredag og laurdag: kr 1100
Inkluderer inngang til messa, alle kurs og føredrag, kaffe, te, frukt/kake, mannekengoppvisning, middag fredag og laurdag kveld.

Billett laurdag med middag: kr 690
Inkluderer inngang til messa, alle kurs og føredrag, kaffe,te frukt/kake, mannekengoppvisning, middag lardag kveld.

Billett laudag utan middag: kr 500
Inkluderer inngang til messa, alle kurs og føredrag, kaffe,te frukt/kake, mannekengoppvisning.

NB! Lunsj er ikkje inkludert i billettane, men kan kjøpast i Restaurant Tunet frå kl 13.00.

Vis meir
Build: 09.12.2019 18:31:16, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails