Vandrehelg i Myrkdalen

Dato: Laurdag 14 sep 2019 - søndag 15 sep 2019

14. - 15. september inviterer me for tredje gong til vandrehelg, med flotte toppturar på programmet. Laurdag 14. september går turen til Bakkanosi, som byr på luftig og spektakulær utsikt rett ned i den UNESCO-lista Nærøyfjorden.

BAKKANOSI - TOPPTUR MED FJORDUTSIKT
For deg som er ute etter ein krevjande topptur med fjordutsikt, anbefalar me turen til Bakkanosi som byr på luftig og spektakulær utsikt rett ned i den UNESCO-lista Nærøyfjorden.

Toppturen til Bakkanosi byrjar frå den gamle skulen i Jordalen. Her fygljer ein traktorvegen til stølane i Slettedalen og vidare opp sauetrakket på venstre side av elva. Så går ein opp ei relativt bratt li til Slettedalstjørni - og herfrå flatar det ut til toppen av Bakkanosi. På toppen er det stupbratt ned til fjorden og utsikta er ubeskriveleg.

Dag: Laurdag 14. september
Avreise Myrkdalen: Kl 08.00
Lengde på tur: Ca 20 km tur/retur
Ankomst Myrkdalen: Ca kl 18.00

Guida tur, buss Myrkdalen - Jordalen tur/retur er inkludert.

SUNDAG 15. SEPTEMBER
Turmål for sundag 15. september er ikkje avgjort endå, men blir lagt ut om kort tid. Me lovar ein flott tur også denne dagen, med nydeleg utsikt.

Sundag 15. september
Avreise Myrkdalen: Kl 08.00
Lengde på tur: Meir informasjon kjem
Ankomst Myrkdalen: Ca kl 17.00

Guida tur og buss tur/retur Myrkdalen er inkludert.

FJELLTUR LAURDAG 14. SEPTEMBER: Kr 800,- per person
FJELLTUR SUNDAG 15. SEPTEMBER: Kr 800,- per person
FJELLTUR BEGGE DAGAR: Kr 1400,- per person

Ver merksam på at det kan bli endringar i programmet grunna vèr og andre uforutsette faktorar.

Vis meir

Bestill no

Velg startdato:
Aktivitet Totalpris