MyrkdØL 9. og 10. oktober

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand Dato: Fredag 9 okt 2020 - laurdag 10 okt 2020

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand

Me i Myrkdalen held fast på tradisjonane våre og arrangerer nok ein gong MyrkdØL-festivalen 9. og 10. oktober. Du er hjarteleg velkomen til å smake deg gjennom mange typar øl brygga med gamle tradisjonar av mikrobryggeri i regionen vår.

Velkomen til øl, god mat og kjekk underhaldning!

PROGRAM FREDAG 9. OKTOBER

- Stands med bryggeria i Salto Lobbybar kl. 19.00 - 23.00
Her får du kjøpt smakebongar og kan slå av ein prat med bryggaren, som meir enn gjerne deler av erfaringa si og kjærleik til det gamle handverket brygging er. Vert du svolten er det også høve til å få kjøpt ei liten matbit denne kvelden. Gratis inngang - baren stengjer kl. 01.30.

- ‘Damer og Øl’ i Kamben Kafè & Bar kl 20.00 - 23.00
med Hege Ramseng fra Bryggeri- og Drikkevareforeningen

Er øl ein macho-drikk? Er det noko med smaken som gjer at mange kvinner føretrekk vin? Eller handlar det om kultur: ølreklamer med smilande bikinidamer og fotballpuber med tunge halvlitere, høgt støynivå og kraftig språkbruk? Sanninga er at kvinner er på kraftig frammarsj som øldrikkarar. Det er grunna både forandringar i ølkulturen og auka kunnskap om det store mangfaldet av øltyper og smaksvariantar.

– Det var damene som sanka urter og brygga øl for 8.000 år siden i Mesopotamia. Dei drakk det med sugerøyr, vart glad og salig og trudde det var gudane som stod bak. Sidan vart tendensen at kvinnene bryggja øl, medan mennene drakk brygget. No er det mannfolka som gjer begge deler. – Ta tilbake ølet, ta tilbake det sosiale! Dette fortel Hege Ramseng i sitt øl-historiske tilbakeblikk
Bli med på ein heilaften med foredrag, smaking, mat og underhaldning berre for damer i Kamben Kafè & Bar fredag 9. oktober

PROGRAM LAURDAG 10. OKTOBER

Stands med bryggeria i Salto Lobbybar kl. 11.00 – 18.00
Her får du kjøpt smakebongar og er velkomen til å stemma på favorittølet ditt. Vinnaren blir tildelt diplom for Årets Øl og prisen vert delt ut under middagen laurdag kveld.

Ølkurs kl. 15.00
Her presenterer kvart bryggeri sitt øl til smaking og du får kunnskap om brygging, smakar og prosessar. Dette kurset er særs populært og blir fort fullt, det er begrensa antal plasser så vær tidleg ute med bestilling.

Bayer-inspirert 3-rettars middag kl. 19.00
Her får du køyrd smakslaukane dine! Me serverer ein Bayer-inspirert 3-rettars middag og kombinerer litt Oktoberfest i arrangementet vårt. Me byr på øl frå bryggeria, allsong og utdeling av Årets Øl. To einingar øl er inkludert i middagen.

Hjørnevik & Iversen kl. 22.00
Jon Hjørnevik er ein positivt berykta poet og me gler oss til han skal underhalda oss med gitarist Dagfinn Iversen. Duoen byr på musikk og humoristisk poesi som passar for ein kvar smak. Ver klar for å avslutta årets MyrkdØL med gode latterkular!

PRISAR
"Damer og Øl" i Kamben Kafè og Bar fredag 9. oktober: Kr 445,- per person
Dagspass laurdag: Kr 1065,- per person
Bayer-inspirert 3-rettars middag: Kr 565,- per person
Enkeltbillett til Hjørnevik & Iversen: Kr 300,- per person

Vis meir

Bestill no

Velg startdato:
Aktivitet Totalpris
Build: 23.09.2020 19:01:06, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails