Standup med Roar Brekke på Myrkdalen Hotel - "All verdens tid"

Fredag 18. oktober blir det mykje humor på Myrkdalen Hotel når sjølvaste Roar Brekke kjem med standup showet sitt "All verdens tid"!

Komikaren Roar Brekke frå Odda debuterte med «Hardingar danse`ikkje disco» allereie i 2002. Sidan den gong har han opptrådt på utallige kulturhus, pubar og scener over heile Noreg, og har opparbeida seg ein solid fanbase på heile vestlandet.

STRÅLANDE OMTALE OG NOMINERT TIL KOMIPRIS
Det er over 20 år sidan Odda-karen debuterte på ei standup-scene. Sidan 2002 har det vore heltidsjobb, med eigne førestillingar, standup-klubbar og firmaoppdrag. Det nye showet hadde premiere i Bergen 28.august 2015, og fikk strålande respons både frå publikum og pressa. Roar sitt beste show i karrieren var den gjengse responsen frå salen. Og terningkast fem og ein straum av superlativar var dommen frå pressa. Han vart også nominert til NRK sin komipris for Beste standup.

POPULÆR REVYARTIST
Brekke treff eit allsidig publikum med humoren sin og brukar også sketsjar og mykje mimikk på scena. Det har ført til at han ikkje berre har eigne show, han er også populær gjesteartist på revyar, som han har vore i Stryn, Sandnes, Husnes, Fitjar og heimbygda Odda. Han lovar mykje fysisk humor i dette showet også: Her er han alt frå floge til tv-reportar, trim for eldre-deltakar og discodansar!

TREFF FLEIRE GENERASJONAR
-Det er begrepet tid som er den raude tråden gjennom showet, og der er det jo mykje å ta av og le av, fastslår Roar, som kjem med nokre døme.
Kan du eigentleg klaga over tidsklemma dersom du har bondegård på Facebook? Kvifor tatoverer folk eldgamle kinesiske teikn på ryggen? Og kva betyr eigentleg ”fortare enn svint”?
I showet sammenliknar han med korleis ting var før. Difor blir det gjenkjennande latterbrøl frå godt vaksne også.
–Ja, både tallskivetelefonar, sommarferiar i folkevognboble og ”Trim for eldre” kjem eg innpå. Det er artig å sjå fleire generasjonar som har teke turen på show saman, det er ikkje vaneg på standup, men dette er eit show som har klart nettopp det. Truleg difor det nærmar seg 90 førestillingar av showet, over heile landet.

TIDSPUNKT
Fredag 18. oktober kl 21.00

STAD
Myrkdalen Hotel

PRIS
250 kr per person

ALDERSGRENSE
20 år

OVERNATTING
Kontakt oss gjerne på e-post: [email protected], vis bookingbekreftelsen for Standup med Roar Brekke og få tilbod på overnatting.

Vis meir
Build: 11.12.2019 13:33:30, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails