Vinsmaking og viltmiddag på Myrkdalen Hotel

Dato: Torsdag 10 okt 2019

Fredag 11. oktober held Camilla Tufte vinsmaking på Myrkdalen Hotel, etterfulgt av 3-rettars middag med smakar frå haustfjellet i Restaurant Nuten. Avgrensa plassar - bestill tidleg!

VINSMAKING KL 18.00
Kvelden byrjar med vinsmaking med Camilla Tufte frå Mostue Grape Selections i Restaurant Nuten, avdeling Hirth. Camilla likar godt å gå i djubda på land og område som ikkje er så kjend, for å sjå kva smakar og stilar ein finn der. Denne kvelden skal Camilla difor introdusera dykk til vinar frå Austerrike. Austerrike er eit spanande vinland som har mykje å by på. Her finn ein bpblar, kvite og raude vinar som er svært eigna til den norske smaksprofilen!

3-RETTARS MIDDAG i RESTAURANT NUTEN KL 19.30
Kjøkkensjefen byr på smakar frå haustfjellet i ein tre-rettars meny og Camilla finn sine beste viltvinar frå Austerrike.

PRIS
Kr 1195,- per person, inkludert vinsmaking, 3-rettars middag og vinpakke (4 einingar vin)

OVERNATTING
Kontakt oss gjerne på e-post: [email protected], vis bookingbekreftelsen for Vinsmaking & viltmiddag og få tilbod på overnatting.

Vis meir

Bestill no

Velg startdato:
Aktivitet Totalpris
Build: 23.10.2019 18:47:58, Host: online3core19, DB: [email protected]:8080, Controller: Activity, Action: showdetails