Jan Eggum-konsert i Myrkdalen: "Så langt har alt gått bra"

Dato: Laurdag 7 mar 2020

7. mars kjem Jan Eggum tilbake til Myrkdalen med solo-konsert under den muntermelankolske tittelen "Så langt har alt gått bra".

Jan Eggum trivst i dei fleste samanhengar. I stort band, lite band, viseduo, jazztrio, filharmonisk orkester - til og med saman med songkor. Det er likevel noko eige ved å oppleva Eggum åleine med gitaren

Det er i dei samanhengar at ein verkelejg føler ein kjem tett på mannen og songane hans. Etter eit travelt og suksessrikt år på vegen med Halvdan Sivertsen er det ei glede å lansere ein turnè med Jan Eggum åleine på scena, under den muntermelankolske tittelen "Så langt har alt gått bra". Det er ingen grunn til at det skulle gå noko dårlegare i 2020 når Jan og gitaren skal reisa landet rundt med eit repertoar som tek utgangspunkt i dei vakre balladene hans. Og 7. mars står han på scena hjå oss i Myrkdalen!

Kva meir kan ein ynskje seg? Eit par ekstra billetter, kanskje. For har ein fyrst fått oppleva Jan Eggum ålene, så vil ein sjå han igjen. Og igjen. Og igjen. Velkomen til ein eksklusiv kveld med ein av landet sine største artistar!

STAD
Myrkdalen Hotel

TIDSPUNKT
7. mars kl 21.00. Dørene opnar kl 20,00

PRIS
380 kr per person

ALDERSGRENSE
18 år

Vis meir

Bestill no

Tilgjengeleg: 07.03.2020
Aktivitet Totalpris
Build: 29.11.2019 11:45:56, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails