I Nansen sine skispor over Vossaskavlen - Wild Voss

Address: Skjerpetunet 8, 5710 Skulstadmo Dato: Torsdag 13 feb 2020 - torsdag 23 apr 2020 Vis kart

Address: Skjerpetunet 8, 5710 Skulstadmo

Bli med i Nansen sine skispor på ein 3 dagers tur over Vossaskavlen!

Dette er ein flott og lang tur på fjellski frå Finse via Hallingskeid over Vossaskavlen til Mjølfjell. Fridtjof Nansen kryssa fjella på ski midtvinters 1884, truleg som førstemann. Bli med på ei gjenskaping av Nansen sin sagnomspunne skitur både i ord og handling. Vi følger Nansen si rute over fjellet, og les frå turskildringa hans undervegs. Med moderne utstyr og lokalkjend førar kan vi ta oss trygt fram der Nansen sjølv hadde nok med å berge seg. Mjølfjell Mountain Lodge øvst i Raundalen dannar eit historisk riktig endepunkt for turen.

Vinterstid er det ofte barske vertilhøve i desse områda, og det kan vere krevjande å ta seg over fjellet på ski. Som deltakar på denne turen blir du del av eit felleskap som saman sikrar ein trygg og minnerik skitur for kvarandre.

Turen startar med middag og overnatting på Fleischers Hotel på torsdag, der ein blir kjend og går igjennom naudsynt utstyr. Fredag morgon reiser ein med tog vidare til Finse, der førsteetappe av turen går frå Såtedalen i retning Hallingskeid og passering av fjellet Såta (1558). Innlosjering på Hallingskeid og sjølvbetjent DNT-hytte. Etappe 2 startar laurdag med nokre bratte oppoverbakker, ville vestlandsfjell, i klart vær kan ein skue Vossaskavlen (1520). Frå toppen ser ein vakre Raundalen opne seg mot vest, ramma inn i kvite fjell. Siste delen av turen er ein sjarmøretappe som går langs Rallarvegen frå Uppsete til Mjølfjell Mountain Lodge. Avsluttar dagen med middag og foredrag og overnatting i mjuke senger. Samla distanse fredag og laurdag er på ca. 24 km og estimert tidsbrukt 7-8 timar med pause. På søndag er det heimreise på eiget initiativ. Tog frå Ørneberget stasjon både mot Oslo og Voss/Bergen.

Turdatoar i 2020
13-16.februar, 5-8.mars, 19-22.mars, 26-29.mars og 23-26.april.

Krav til deltakarar
Dette er ein lang skitur utanfor kvista løyper, som stiller krav til skidugleik og turform. Du må vere vand med skiturar på fjellski utanfor preparerte spor i vinterfjellet, og ha gode klede. Du treng ikkje å vere topptrent, men du må tole å vere på skitur med sekk i ver og vind i åtte timar eller meir.

Naudsynt utstyr
Du må ha solid fjellskiutstyr som du er godt kjend med. Skia må ha stålkantar. Gode, varme skistøvlar som du har brukt fleire gonger er særs viktig. Hugs feller til skia, skibriller (goggles), termos og drikkeflaske. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, ullsokkar, varm lue, vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Skredutstyr kan lånast utan ekstra kostnad.

Pris og vilkår:
Pris per deltakar er kr 6750,-

Prisen inkluderar:
- Leiing av røynd, lokalkjend fjellførar frå Wild Voss på heile turen.
- Leige av naudsynt skredutstyr (spade, sendar/mottakar og søkestong).
- Førarens førebuingar til turen.
- Tog frå Voss til Finse fredag morgon.
- Kost og losji på Hallingskeid.
- Alt naudsynt sikkerheits- og reparasjonsutstyr.
- Kost og losji (fullpensjon) på Mjølfjell Ungdomsherberge laurdag til sundag.

Ikkje inkludert i prisen:
- Overnatting og måltid på Fleischer's Hotell torsdag til fredag.
- Tog/reise heim frå Mjølfjell sundag.
- Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

Gruppestorleik
Me treng minst to deltakarar for å kunne gjennomføre turen. Maksimal gruppestorleik: 12.
På grupper med fleire enn 8 deltakarar blir det med to førarar på turen.

Oppmøte: Torsdag på Fleischer's Hotel på Voss kl. 18. Sundag: Heimreise på eige initiativ. Tog går frå Ørneberget stasjon kl 10.40 (retning Oslo) og kl 11.21 (retning Voss/Bergen).

Detaljert pakkeliste sendast ut til deltakarar i god tid før turen. Ta gjerne kontakt med Øystein på [email protected] for spørsmål om turen.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Kampanjekode?
Velg dato:

Om denne aktiviteten

Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 559 meter
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 559 meter
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 559 meter
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails