Bordalsgjelet vintervandring - Wild Voss

Address: Skjerpetunet 8, 5710 Skulstadmo Dato: Søndag 1 des 2019 - fredag 10 apr 2020 Vis kart

Address: Skjerpetunet 8, 5710 Skulstadmo

Har du knapt med tid, men lyst på ei minnerik turoppleving nær Voss? Då er denne turen for deg. Vår guida vandretur til det ville Bordalsgjelet tek om lag tre timar og kan tingast kvar dag i vintersesongen.

Turen går gjennom Voss sentrum fram til munninga av Bordalen, der Bordalselvi har gravd ut ei dyp fure i terrenget og skapt store jettegryter nær elva langt der nede. Imponerande og vakkert! Med vår erfarne guide får du ein lærerik tur. Vi tek opp tema som geologi og historie, livet på Voss og i Norge.

Turen er lettgått og passar for alle. Vi går sakte, held saman og tek fleire pausar undervegs for å bli betre kjend med kvarandre og området. Turen går rett på utsida av bygdesenteret Vossavangen.

Sesong:
Daglege turar i perioden 1.desember 2019 til 10.april 2020.

Praktiske detaljar
Møt opp utanfor vårt kontor i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 10.00. Der har vi ekstra varme klær til utlån om det trengst. Voss kan vere ein kald stad om vinteren - særleg når vinden hentar fart over Vangsvatnet. Turen tek om lag 3 timar og avsluttast same staden som han starta.
Turen er enkel å kombinere med eit opphald i Bergen. Om du kjem til Voss med 8.39-toget frå Bergen på turdagen, rekk du akkurat fram til oss i tide.

Krav til deltakarar
Denne turen passar for dei fleste. Du treng ikkje å vere i god form. Turen går i lett terreng, i hovudsak langs grusvegar og på gode stiar. Du bør ha godt fottøy og vere vand med å vere ute om vinteren, da det ofte er isete langs ruta. Været kan ôg bli kaldt og vått.

Bekledning og utstyr
På turen treng du dette:
• Gode og varme sko eller støvlar.
• Vind- og vasstette klede (skalklede).
• Ullundertøy.
• Vandrestavar er ein god idé. Kan lånast av oss.
• Lue og vottar/hanskar

Prisar og vilkår
Prisen for vaksne er kr 750 per person. Pris for born mellom 7 år og 14 år er kr 550 per person. Nedre aldersgrense er 7 år.
Gruppestorleik: 1-20 deltakarar. Ved fleire enn 12 deltakarar blir det med to guidar på turen.

Inkludert i prisen:
- Følge av ein erfaren, fleirspråkleg guide på heile turen.
- Snacks og varm kakao.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Isbroddar, hovudlykt og vandrestavar om naudsynt

Ikke inkludert i prisen:
Reisa til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterer du våre kjøps- og avtalevilkår.

For gruppereservasjon, spørsmål og anna:
Kontakt Øystein på +47 93484041 eller send ein epost til [email protected] .

Bordalsgjelet turdetaljar
Samla distanse: Om lag 7 km.
Estimert tidsbruk: Om lag 3 timar totalt.
Samla stigning: 50 meter.
Turgradering: Enkel (grøn).
Familievenleg: Ja, for born som har fylt sju år.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Kampanjekode?
Velg dato:

Om denne aktiviteten

Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 559 meter
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 559 meter
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 559 meter
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails