Voss Gondol

Address: Evangervegen 3, 5705 Voss Dato: Tysdag 3 mar 2020 - måndag 3 mar 2025 Vis kart

Address: Evangervegen 3, 5705 Voss

Ta turen til fjells med Voss Gondol! Juli 2019 opna den nye gondolbanen på Voss, som tek deg opp til Hangurstoppen på 820 moh. Dette er den største og mest moderne gondolbanen i Nord-Europa.

Gondolen er open heile året, og startar på Voss stasjon. Her kan du gå rett frå toget eller bussen, og ombord i gondolen som tek deg til fjells på under ni minutt. På toppstasjonen har du flott panoramautsikt til fleire av fjella som omkrinser Vossabygda, og eit flott område for rekreasjon og aktivitetar. På sommaren vert det fokus på vandring, sykling og paragliding, og på vinteren tek gondolen deg rett opp til skisenteret Voss Resort. Her vil du også finna skiskule og skiutleige.

Opningstider Voss Gondol:

16.Desember 2019 - 20.mars 2020

Man & ons 09.30 - 16.00 (siste retur 16.30)
Tir & tors 09.30 - 20.00 (siste retur 20.30)
Fre 09.30 - 22.00 (siste retur 23.00)
Lør 09.30 - 20.00 (siste retur 21.00)
Søn 09.30 - 18.00 (siste retur 18.00)

21.mars - 19.april 2020

Man - tors 09.30 - 16.00 (siste retur 16.30)
Fre 09.30 - 22.00 (siste retur 23.00)
Lør 09.30 - 20.00 (siste retur 21.00)
Søn 09.30 - 18.00 (siste retur 18.00)



Korte fakta om gondolen:
*Kapasitet: 1069 personar per time
*Kabinar: 9 stk
*Kapasitet per kabin: 34 personar
*Høgdeskilnad: 763 meter
*Toppstasjon: Hangurstoppen (820 moh)
*Lengd: 2020 meter
-Reisetid: 8 min 48 sek
-Type gondol: Leitner Ropeways 3S

Hangurstoppen Restaurant:
På toppstasjonen kan du også nyta eit måltid på Hangurstoppen Restaurant. Med sitjeplassar til 450 personar er dette Voss sin største restaurant, og her får du både kalde og varme retter og drikkevarer, basert på lokale ingredienser og lokale leverandørar. Restauranten har også møte-og konferansefasilitetar til omlag 50.

Opningstider resturant:

16.desember - 20.mars 2020

Man & ons 10.00 - 15.30
Tir & tor 10.00 - 19.30
Fre 10.00 - 20.30 (bar til 22.30)
Lør 10.00 - 19.30 (bar til 20.30) - Afterski med DJ frå kl. 15
Søn 10.00 - 17.00

21.mars - 19.april 2020

Man - tors 10.00 - 15.30
Fre 10.00 - 20.30 (bar til 20.30)
Laur 10.00 - 19.30 (bar til 20.30)
Sun 10.00 - 17.00


Ved booking av selskap, møter og grupper er det moglegheit for utvida opningstider for både bane og restaurant.

Aktivitetar sommar

Vandring:

Frå Hangurstoppen har ein eit fantastisk utgangspunkt for ein rekke flotte turar i fjellet. Her finn du både korte og lange turar i ulik vanskegrad. I tillegg er det moglegheit for guida turar.

Hanguren Panorama

Denne rundløypa starter rett utanfor toppstasjonen på Hangurstoppen. Dette er ein lett tur som passer for alle målgrupper, både med og utan barnevogn. Løypa, som er på 800 meter, byr på vakker panoramautsikt over Vossafjell, Lønavatnet og Voss sentrum.

Guida tur på Hanguren

Bli med guidane våre på ein flott rundtur i nærområdet på Hanguren. Undervegs på turen får du læra om den særnorske turkulturen, stølslivet og kulturminner langs løypa. Daglege avgangar kl. 10.30 frå Hangurstoppen,frå 10. juli til 15. september. Turen må bookast på førehand (min. 24 timar før avgang).

Hanguren

Området på Hanguren er flott å gå i uansett alder og form; ein vel sjølv kor mykje ein vil gjere ut av det. Her finn ein stiar som høver små barneføter, og turar for dei som ynskjer ei ekstra utfordring for både musklar og kondisjon. Uansett kvar du går får du fin natur med på kjøpet!

Frå Hanguren har ein og anledning til å gå vidare til Røde Kors hytta, Raugstad, Lønahorgi eller Bavallen. Ein kan og ta seg ned til Mølstertunet og vidare ned til Voss sentrum om ein ynskjer det.

Røde Kors hytta

Røde Kors hytta kan ein nå både frå Bavallen og frå Hanguren.
Hytta finn ein like ved Valbergstjørni og her har ein høve til å bade på varme sommardagar.

Røde Kors hytta er eit populært turmål med flott utsikt til nokre av Vossafjella, mellom anna Lønahorgi.

Lønahorgi

Lønahorgi (1410) er eit anna populært turmål med utgangspunkt frå Voss Resort.
Vel mellom start frå Hanguren eller Bavallen. På toppen har ein spektakulært utsikt og på fine dagar kan ein sjå heile 4 isbrear; Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna.

Denne fotturen er for dei litt meir utholdne, då det er ein krevande tur på ca. 20 km tur/retur som tek omlag 6-8 timar, alt etter kvar ein starter frå. Frå Bavallen til Lønahorgi er det omkring 1100 høgdemeter. Ruta er sommermerka og går i høgfjellsterreng. Ta difor med utstyr som kart og kompass og vèr budd på skiftande vêr.

Vinteraktivitetar:

Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter. Her finn du heile 40 km med preparerte løyper for alle nivå i tillegg til fleire spanande off-piste område. No kjem det du deg direkte frå togstasjonen og opp til skianlegget på under 9 minutt

Variert terreng og løyper for alle:
I Voss Resort finn du 11 heisar og 24 løyper av ulik vanskegrad, frå enklare bakkar for nybyrjarar til krevjande terreng for dei beste. Her finn du mellom anna ei internasjonal storslalombakke og ei SuperG-løype. Skisenteret har 40 km preparerte løyper, ein terrengpark, skicrossløyåe, 3 barneområder, preparerte langrennsløyper og 4 varmestover med serveringstilbod. I anlegget finn du og skiskule, skiutleige og afterski.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
29 Mar
Søndag 29 mar 2020 09:00
30 Mar
Måndag 30 mar 2020 09:00
31 Mar
Tysdag 31 mar 2020 09:00
1 Apr
Onsdag 1 apr 2020 09:00

Om denne aktiviteten

Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 2,8 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,8 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg over resepsjonen, 100-500m frå skiheisen.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,3 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Build: 25.03.2020 14:04:34, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails